|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand: Drakestilen som nasjonalsymbol | Dragestilen er nytta i rekonstruksjonen av ein portal som Keisar Wilhelm II fekk reist i Potsdam i Tyskland, ei område han kalla "Kongsnæs". (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Ein stor del av dei prakfulle villaene som vart bygde i Balestrand kring 1900, er bygde i såkalla "dragestil" - ein norsk variant av "sveitsarstilen". Saman med Kvikne's hotell, representerer dei som bygningsmiljø ein eineståande del av norsk bygnings-historie. Publisert 11.06.2002 12:16. Oppdatert 16.06.2003 15:30.LYD OG VIDEO
| Keisar Wilhelm II var begeistra for den norske stilen, og fekk Holm Hansen Munthe til å laga dette bygget i Potsdam i Tyskland. |
Drakestilen er det bygningsmessige uttrykket for det norske i den nasjonale reisingstida før frigjeringa frå unionen med Sverige i 1905.
Den leiande artiktekten for drakestilen var Holm Hansen Munthe (1848-1898). Han var byarkitekt i Oslo, teikna m.a. Frognerseteren restaurant i Oslo og jaktslott til Keisar Wilhelm II i Tyskland. Boka "Holzbaukunst in Norwegen", som han gav ut i 1893 saman med Lortentz Dietrichson, vart eit sentralt verk for denne stilretninga.
Drakestil frå ferdighusfabrikkEin like viktig grunn til den store utbreiinga som drakestilen fekk, var nok at arkitekt Jakob Digre i Trondheim i 1875 starta ferdighusproduksjon av lafta villaer i dragestil/sveitsarstil. Firmaet var grunnlagt i 1838 og samarbeidde med trelastfirmaet M. Thams & Co i Orkanger. I 1886 vart arkitekt Karl Norum tilsett i firmaet, og det var først og fremst han som teikna byggjesetta for drakestilshusa.
M.a. er Villa Normann, Villa Kringsjå og Cooper-huset i Balestrand byggjesett frå Jakob Digre sin "ferdighusfabrikk".
Drakestil i interiør og møblarElles er "Høyvik-salen" på Kvikne's hotell, skapt av trekjærar Ivar Høyvik, ein særmerkt representant for drakestilen i norsk interiørkunst. Innanfor møbelkunsten er det først og fremst treskjærar og rosemålar Lars Kinsarvik frå Hardanger som har sett merke etter seg i Sogn og Fjordane med drakestil. Han har m.a. stått for utsmykkinga av Eid kyrkje og Rugsund kyrkje.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|