|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand - Kvikne's hotell: Kjentfolk på Kvikne's Hotell | Den norske kongen og dronninga har vore gjester på Kvikne's fleire gonger. (Foto: Torje Bjellaas, NRK) |
Gjestebøkene viser at det luksuriøse hotellet heilt frå starten tok imot prominente gjestar frå heile verda. Alle dei norske kongane har vore innom. Fridtjof Nansen har tala frå balkongen. Både japanske kronprinsar, kongen av Siam, thailandske prinsesser, indiske maharajaer, danske prinsar, svenske prinsesser og den islandske presidenten har hatt ei god natts søvn på Kvikne's. Publisert 11.06.2002 11:02. Oppdatert 14.01.2004 11:52.LYD OG VIDEO
| Eks-statsminister i Storbrittania Clement Attlee går i land i Balestrand saman med kona. (Foto: Norsk Film/NRK) |
Like etter 2. verdskrig kom tidlegare britisk statsminister Clement Attlee på vitjing.
| Ryutaro Hashimoto.
|
Statsminister Hashimoto frå Japan var gjest i 1997, og FNs generalsekretær Kofi Annan i 2001.
FilmstjernerI 1953 var det mykje oppstyr i Balestrand då filmstjernene Kirk Douglas, Janet Leigh og Tony Curtis kom for å skyte nokre scener til filmen "The Vikings" i Finnabotn vest for Vik. Sjølve filminga vart avlyst, og filmstjernene reiste i staden til Hardanger for å gjere opptak.
I 1971 budde eit filmteam frå Walt Disney Productions på Kvikne's medan dei tok scener til ein vikingfilm i Finnabotn. | Kofi Annan budde på Kvikne's i 2001. (Foto: Torje Bjellaas, NRK) |
Sjå også:
· Kongevitjingar i Balestrand
Neste side:
· Høgt nybygg og rekonvalesentheim
Førre side:
· Terboven-festen på Kvikne's
Hovudside:
· Kvikne's hotell
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|