Som futar flest, hadde Blix slege under seg store jordeigedomar både i Leikanger, Vik og Balestrand.
I 1706 overtok svigersonen Peder Iversen Leganger både fute-embetet og Flesje, og sonen Hans Leganger fylgde etter faren som eigar av Flesje. Han vart også fut frå 1759 til 1768, då han vart råka av sjukdom og måtte gå frå embetet.
Mange bygningar
I Hans Leganger si tid var det 5 bygningar på garden som vart brukte til bustad og kontor, i tillegg til ei mengd uthus. Mange av dei er tekne vare på og restaurerte av noverande eigar. Tunet var omkransa av frukthagar.
Ein av Noregs første profesjonelle kunstmålarar, Hans Leganger Reusch (1800-1854), stammar på morssida frå slekta Blixencrone Leganger, og måla m.a. nasjonalromantiske motiv frå Sogn, slike som "Baldershaugen" frå Leikanger.
Selt til Venke Sunde
I 1772 vart Flesje selt frå buet etter Leganger til Venke Sunde, enkja etter kaptein Nils Sunde.
I 1790 overtok Askelund som futegard - sjå "
Futegarden Askelund".