|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand - herskap og hus: Målsnes og Skåsheim som futegardarFrå 1530 var det den dansk-norske kongen sie futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme. Publisert 10.06.2002 10:00. Oppdatert 01.10.2003 15:39.Då budde futen på gardar i Sogndal. Både Stedje, Foss, Rutlin og Kaupanger var i tur og orden futegardar. I 1630 vart det delt. Grensa mellom futedøme i indre og ytre Sogn gjekk mellom Hermanverk og Slinde på nordsida av fjorden og mellom Aurland og Lærdal på sørsida.
MålsnesOmlag ei mil vest for Balestrand ligg gardane Målsnes. Frå kring 1630 til 1650 eigde futen i Sogn garden Målsnes, men det er uvisst om han budde der. Før den tid var m.a. Mons Målsnes brukar. Han åtte mange gardar kringom i Sogn. Etter at futen var borte i 1650, vart Anders Målsnes brukar. Han var også ein mann med mykje jord - var i mange år lensmann, og dreiv som pengeutlånar.
SkåsheimEtter tida på Målsnes, fekk futen hand om garden Skåsheim lengre aust, men også her er det uvisst om buten budde sjølv. Her vart det m.a. sett opp herbergehus, fangehus og eit hus der futen kunne lagre landskylda (som bøndene gjorde opp i form av landbruksvarer). Futen Hans Brun disponerte også garden Sande (sjå " Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande") i tillegg til Skåsheim. I 1685 flytta futen i Sogn til Flesje (sjå " Fute- og offisersgarden Flesje").
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|