SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Balestrand:

Hans Dahl

Hans Dahl (1849-1937) frå Granvin i Hardanger, oppvaksen i Bergen og busett m.a. i Berlin og Balestrand. Slekta stammar frå Naustdal i Eid kommune i Nordfjord. Kunstmålar og "keisarven".

Publisert 31.05.2002 14:30. Oppdatert 20.10.2003 11:02.
Ættefaren Hans Nøstdahl reiste til Bergen midt på 1700 talet og vart kjøpmann. Han korta ned etternamnet til Dahl.

Hans Dahl er den mest kjende av kunstnarane som bygde seg villa i dragestil i Balestrand kring 1900. Han er ikkje minst kjend som ein nær ven av den tyske Keisar Wilhelm II.
Utdanna seg som offiser, men slutta i det militære i 1873 og utdanna seg som kunstmålar. Busette seg i Berlin i 1888.

"På hjemvei" (Balholmen). (© Blomqvist Kunsthandel)

Etter råd frå kunstnarvenen Eilert Adelsteen Normann, bygde han Villa Strandheim i Balestrand i 1893. Dette er ein av dei største villaene i drakestil i bygda. Kvar sommar skipa Hans Dahl til hageball den staselege villahagen, der hans nære ven, keisar Wilhelm II var sjølvskriven gjest.

Han busette seg fast i Balestrand frå 1919. Han døydde i bygda, og er gravlagd ved Tjugum kyrkje.

"Gjeterpike med geiter". (© Blomqvist Kunsthandel)

Måla Vestlands-motiv

Hans Dahl måla fjordar og landskap på Vestlandet, oftast bada i sollys, med raudkinna jenter i bunad og folk i robåtar som sentrale motiv. Han fekk stor omsetning på bileta i utlandet. Men samtidige norske kunstkritikarar var ikkje nådige. Dei hadde kring 1900 meir sans for impresjonisme og ekspresjonistiske bilete.

"Aftenseilas". (© Blomqvist Kunsthandel)

Sonen Hans Andreas Dahl og Emma Pastor Normann har "kopiert" den nyromantiske målarstilen til Hans Dahl.

Hans Dahl i båt på Sognefjorden.
Dahl er magert representert i norske kunstmuseum, men er innkjøpt til fleire museum på Kontinentet og i USA.

Frå 1990-talet har bileta til Hans Dahl blitt svært populære i Noreg, og einskilde har vorte omsette for kring ein halv million kroner.

Riddar og professor

Utnemnd til riddar av 1.klasse av St. Olavs Orden i 1902.

I 1910 gav keisar Wilhelm II han eit "æresprofessorat" som "kongeleg prøyssisk professor i kunstmåling.




MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no