|
Tennefoss-saga før 1900. (Foto © Fylkesarkivet) |
I grendene og dalane frå Nessane og austover mot Balestrand veks det mykje fin fureskog. Både i Hanevik ved Målsnes, Kvamsøy og Nessane låg det frå gamalt av større sagbruk med vassdrivne oppgangssager.
I 1635 er saga ved Tennefossen i Nessane omtala. Her heiter også garden Sagi eller Sagen. Denne saga var frå 1600-talet og fram til 1805 eigd av prestar frå dei velståande presteslektene Leganger, Daae og Tuchsen i Vik. Då vart saga kjøpt av brukaren Knut Tennefoss.
I Vetlefjorden var det to sager drivne med vasshjul: Ivar Rendedal dreiv sagbruk 1895 - 1940, og Trond Mel frå 1930 til 1953.
Stampe og mølle på Bruhjell
Truls Olson Bruhjell bygde stampe og Mølle på Bruhjell kring 1880. Eigaren i 1925, Rognald Hagen, bygde også sagbruk. Saga og og andre bygningar vart øydelagde av ras i 1928 (sjå "
Ulukker og naturskader i Balestrand").
Hermund Tenningen
starta sag og kassefabrikk i Balestrand i 1928.
Erling Kvamme
bygde i mellomkrigstida - kring 1930 - sagbruk i Sauakråna på Engum. På same garden dreiv brørne Klaus og Kåre Engum sagbruk frå 1949. Dei dreiv i lag til 1954, og Klaus heilt fram til 1984.
Kvamsøy Sagbruk
vart starta i 1948 av Klaus og Kåre Thue. Dei dreiv også kassefabrikk.
Sæle Sagbruk AS
i Kvamsøy vart starta av Reidar Sæle i 1969. Verksemda vart bygt ut frå ei gamal sag som hadde vore på garden i mange år. Firmaet leverer all slags trelast og pallar, og har i 2002 seks tilsette.