Eigedomen er i nyare tid betre kjend som Kringsjå Hotell, og ligg på ei høgd over Balestrand sentrum.
Tomta vart i 1903 kjøpt av Bergens-kvinna Marie Olivia Monsen. Etter skilsmål frå ein rik engelskmann, gifta Marie Olivia seg i 1906 med den velståande admiralen David Kindleberger (1834-1921) frå Oregon i USA. To år tidlegare hadde paret bygd ein stor villa i drakestil i Balestrand, levert frå Olav Digres ferdighusfabrikk (sjå "
Drakestilen som nasjonalsymbol").
David Kindleberger var ein habil amatørmålar, og mange av landskapsbileta hans heng i Balestrand den dag i dag.
|
Bjørn Skanke Sande. (Foto: Torje Bjellaas, NRK) |
I 1931 kjøpte Ola Midtnes og Bjørn Sande eigedomen. Sande tok over som eineeigar i 1932 og starta pensjonat, som i 1935 vart utvida til 20 senger. Etter 2. verdskrig tok sonen Magnus Sande over drifta og utvida hotellet i 1952 og 1964. Han starta også Kafé Svingen i 1946. I 1975 tok sonen Bjørn Skanke Sande over og bygde i 1975 restaurant i kjellaren. Her kan ein framleis sjå dei forseggjorte murane frå den opphavelege villaen.
|
Sognefjord Akvarium. |
Leirskule
I 1980 vart hotellet leirskule, og i 1985 vandrarheim.
Bjørn Skanke Sande og kona Solveig Berstad Sande har kjøpt inn ei Colin Archer-skøyte til leirskulen, og bygde i
1994 Sognefjord Akvarium i Balestrand sentrum.