SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Balestrand:

Ferdsla på fjorden i Balestrand

Hurtigbåten
Hurtigbåten "Solundir" ved kai i Holmen. (Foto: Arild Nybø, NRK © 1999)

Publisert 24.05.2002 13:14. Oppdatert 16.01.2004 11:08.

Ferdsla på Sognefjorden

I 1648 vart skyssordninga i Noreg organisert. Det vart skipa skysstasjonar langs kyst, fjordar og i dalføra, og innført skyssplikt.

Jektebygder ved Sognefjorden

Vetlefjorden, Torsnes og Sværefjorden var i gamal tid kjende som "jektebygder". Det vert fortalt at mest kvar gard hadde eiga jekt. Også i Kvamsøy var det fleire jekter.

Stoppestad i Flesje

Fute- og offisersgarden Flesje nokre kilometer vest for Balestrand var første stoppestad for dampbåtane når dei tok til å trafikkere på Sognefjorden midt på 1800-talet. Dampbåtane gjekk ikkje til kai, men vart borda ute på fjorden. På Flesje var det også rorskifte for postruta på Sognefjorden.

Turistrute og Fylkesbaatane-kai i Holmen

Rutebåt på veg mot Balestrand. (Foto: Norsk Film/NRK 1951)
Fylkesbaatane-rutene opna m.a. for at dei første turistane kunne reise på rundtur frå Bergen til Voss og Gudvangen, og derfrå til Balestrand før retur til Bergen.

Kvamsøy

fekk rutestopp i 1887.

Bolstad

i Lånefjorden vart stoppestad for rutebåtane frå 1899.

Nessane

fekk rutestopp i 1877. Første ekspeditøren var Peder Endresen, og frå 1911 Erling Nesse.

Ulvestad

i Vetlefjorden fekk rutestopp i 1887. På kaia var det Anna og Jon Bøthun som dreiv handel og var skips- og postekspeditørar frå 1889. Frå 1905 overtok Markus Ulvestad. Ved opninga av Gaularfjellsvegen i 1938 med ferjerute til Grinde, vart ein del av kaia på Ulvestad bygd om til ferjekai. Ferjekaia vart nedlagt då vegen var ferdig til den nye ferjekaia i Dragsvik i 1956. Båtrutene til Ulvestad vart avvikla i 1968. Hans Ulvestad var siste ekspeditør.

Farnes

i Sværefjorden fekk stjernestopp i rutene til Fylkesbaatane frå 1895 med handelsmann Mons Farnes som ekspeditør.

Menes

ved Fjærlandsfjorden fekk rutestopp i 1877.

"Thorsnes" og ferjeruta Ulvestad-Grinde

Då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938, vart det starta ferjerute mellom Ulvestad i Vetlefjorden og til Grinde vest for Leikanger. Den første "ferga" i denne ruta var "Vesle Øyvind" og deretter kutteren "Thorsnes", bygd i Sværefjorden. - Sjå "Polarskuta frå Torsnes".
Kring 1950 gjekk også Fylkesbaatane sin "Fjalir" i bilferjeruta Vetlefjorden-Grinde-Balestrand.

Tjugum

fekk rutestopp like etter 2. verdskrig og fram til 1951.

Dragsvik ferjekai. (Foto: D.H.K Andersen, NRK)

Ferjekaia i Dragsvik

Ferjekaia i Dragsvik vart opna i 1956, samstundes som den gamle fergakaia på Ulvestad (sjå denne lenger oppe) vart lagt ned. Opphaveleg var det planen at ferjekaia skulle liggje i Holmen, men uvilje frå grunneigarane der gjorde at vegsjefen i staden fekk bygd kaia i Dragsvik.

Ferjekaia på Kongsnes

Ferjekaia på Kongsnes i Lånefjorden vart bygd i 1970 i samband med at riksvegen Balestrand-Kongsnes vart bygd, opna 1971. Ferjesambandet Nordeide-Kongsnes vart lagt ned då Høyangertunnelen opna i 1982.

Ekspressruter

Balestrand fekk ekspressbåtrute til Bergen då Fylkesbaatane starta slike ruter på Sogn i mai 1971.
I dag har Balestrand daglege rutesamband med ekspressbåt til Bergen, og korrespondanse fleire gonger dagleg med ekspressbussane nord-sør på Vestlandet via Vadheim og mot Oslo via Sogndal.

Turistskyss i Balestrand

Fleire båteigarar tilbaud turar på fjorden for turistane.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no