I Måløy var det i lang tid fleire dampskipsekspedisjonar.
Alt kring 1860 grunnla distriktslege Cappelen (sjå denne under "
Kjende personar i Vågsøy fødde år 1700-1880") den første dampskipsekspedisjonen som betjente dampskipa som gjekk nord-sør på kysten. Seinare overtok Henrik Friis.
Frå 1916 overtok R.J. Nord & Co. med T. Kambestad oppteken som kompanjong frå 1932. Det var dette firmaet som hadde ekspedisjon av hurtigruta m.m. på det som no er Inter-Com-Terminalen på Gotteberg.
Bryggja
var også stoppestad for kystrutene på 1850-talet. Dette hadde truleg med sambandet nordover mot Vanylven over Maurstad og Åheim å gjere. Elles hadde Bryggja dampskipsekspedisjon for dei vanlege fjordarutene då Fylkesbaatane kom i drift i 1958.
Vågsvåg
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i fisketida, truleg frå 1864. Kjøpmann
Rasmus D. Halvorsen var ekspeditør. Tidleg på 1900-talet fekk Vågsøy fast rutestopp gjennom heile året.
Osmundsvåg
fekk rutestopp 1874 med kjøpmann Christian B.U. Wiese som ekspeditør.
Silda
fekk rutestopp i sildetida frå 1874. Etter andre verdskrig fekk øya fast rutesamband med Fylkesbaatane sine lokalruter mellom Måløy og Selje.
Raudeberg
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1882 med kjøpmann Mons Aase som ekspeditør. Frå mellomkrigstida fekk Raudeberg berre anløp av lokale rutebåtar og av lasteskip i kystrute.
Almenning
fekk rutestopp for Fylkesbaatane i 1890. Kjøpmann Olav Dybedal var i lang tid ekspeditør i Almenning.
Husevåg i Fåfjorden
hadde lokalbåt frå Fylkesbaatane tre gonger i veka på 1950-1960-talet. Seinare er det bygd ferjekai som får anløp av ferja som trafikkerer Måløy-Oldeide.