|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samleside: KRIMINALSOGER I SOGN OG FJORDANE |
Oversyn over dei drapssakene i Sogn og Fjordane som har vekt mest merksemd opp gjennom tidene.
Historia i Stryn: Like før påske i 1979 vart ein tidlegare forretningsmann frå Stryn funnen drepen i villaen sin som låg einbølt nede ved fjorden eit stykke vest for Stryn sentrum.
Historia i Hornindal: I 1643 vart Eli Olsdotter Jutedal stemna for tinget på Lødøen, skulda for hekseri. Ho og mannen var støtt i krangel med grannane.
Historia i Luster: I 1672 vart Erik Venjum i Hafslo drepen av leiglendingen sin, Knut Heggestad. Dei hadde kome i krangel om kor mange kyr Knut Heggestad skulle fø for husbonden.
Historia i Luster: I 1662 vart Jacob Trolsen avretta for drap. Mannen kom frå ei bygd i Luster, men fleire detaljar vantar.
Historia i Luster: Den siste avrettinga ved halshogging i Sogn og Fjordane bar til i Luster i 1858 då Jacob Johannesson Høyum (f. 1806) frå Høyheim i Luster vart avretta for konedrap.
Historia i Luster: Då Per Olsson Molland var 14 år, måtte han som vanleg på 1700-talet, ut i teneste. Han hamna på Kvam i Hafslo, der han tuska til seg litt mat og drikke utan løyve.
Historia i Luster: Ola Jonsson og grannen Ola Eriksson som levde på Melheim på Indre Hafslo kring 1700, var bitre uvener. Ein gong dei kom i krangel i vedaskogen, hogg Ola Jonsson til Ola Eriksson med øks. Den andre forsvarte seg med staur.
Historia i Luster: I pinsa 1713 var ei 30 år gamal kvinne og ein 50 år gamal mann frå Jostedalen på veg opp dalen etter eit ærend nede i fjordbygdene. Kvinna var Sidsel Paulsdotter frå Lunde på Indre Hafslo og mannen var Skule Andersen frå Øvre Fåberg. Dei hadde begge vore innom skjenkestova i Marifjøra før dei la i veg. Sidsel reid på hesten, medan Skule gjekk ved sida av.
FLERE SAKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|