Gaular Bilselskap
vart skipa i 1920 etter opptak frå Gaular kommune, og dreiv varetransport med ein lastebil i dalen. Dette selskapet fekk kort levetid: I 1921 gjekk det inn i det nyskipa
Firda Billag.
Magnus Nistad Transportforretning AS
|
(Foto: Randi Indrebø, NRK) |
vart skipa av Magnus Nistad i 1967. Sonen Arne Nistad tok over leiinga i 1997. Nistad har i 2002 19 lastebilar og vogntog, 20 tilsette og ei omsetning på 21 millionar kroner i 2001. Firmaet var i mange år hovudtransportør for Hans Bryggeri frå Bergen og nordover Vestlandet.
Råheim Transport
i Viksdalen vart starta i 1970 av Helge Råheim. Faren Jakob Råheim starta med lastebil i 1936, og fekk m.a. mjølketransport for Bergensmeieriet. Råheim har spesialisert seg på tanktransport av mjølkeprodukt for Tine Norske Meierier, og har 5 trailertankbilar og 8 tilsette i 2002.
Sygna Transport
på Sande vart starta i 1975 av brørne Jens og Leif Sygna. Firmaet har spesialisert seg på biltransport, og har i 2002 9 trailerar og 13 tilsette. Omsetninga i 2001 var 12 millionar kroner.
Kårstad Transport AS
|
Kårstad Transport. (Foto: A. Nybø, NRK) |
på Storehaug vart starta i 1977 av Roar Kårstad. Verksemda har i 2002 24 lastebilar og vogntog, 42 tilsette og ei omsetning på 45 millionar kroner. I 1999 bygde Kårstad stort terminalbygg på Storehaug.
|
Airlift har også base på Svalbard. |
er den største arbeidsplassen i Gaular kommune, og eit av dei største helikopterselskapa i Norden.