SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn - naturkatastrofer:

Lodals-ulukkene

Dei gigantiske rasa frå Ramnefjell har forårsaka to store katastrofer i Loen.
Dei gigantiske rasa frå Ramnefjell har forårsaka to store katastrofer i Loen.
15. januar 1905 rasa det 1500 meter høge Ramnefjellet ut, og 62 menneske omkom. 13. september 1936 rasa det på nytt i Ramnefjellet, og 74 menneske omkom.

Publisert 10.04.2002 08:46. Oppdatert 14.09.2006 13:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Loen-ulukka 1905:

Bødal før raset i 1905.
15. januar 1905 rasa det ut eit stort fjellstykke frå det 1500 meter høge Ramnefjellet, og 62 menneske omkom. Skredet losna 500 meter oppe i fjellsida, og sopa med seg ei stor ur under. Fjellstykket var omlag 100 meter høgt, 50 meter breidt og 10 meter tjukt. Det vil seie at steinhammaren var omlag 50.000 kubikkmeter., tilsvarande ei vekt på 125.000 tonn. I tillegg kom ura og grusen, slik at ein reknar med at kring 870.000 tonn masse rasa ut i Loenvatnet.

Alle hus rauk med

Flodbylgja steig kring 40 meter på det høgste og sopte med seg alle husa i Ytre Nesdal. Det same hende i Bødal, der alle husa nede ved vatnet vart knuste, med unntak av eit par løer og nokre mindre uthus. Turistbåten ”Lodalen” vart slengt 350 meter innover land.

Tilsaman omkom 24 menneske i Bødal sjølve rasnatta, og 3 menneske seinare av skadane dei fekk. I Nesdal omkom 34 menneske. Berre 9 av dei omkomne vart funne att og gravlagde.

Raset i 1905 øydela ialt 60 hus og drap 94 kyr, 10 hestar, 145 sauer og 16 grisar.

Ein minnestein vart reist på Nesodden same året, men den vart riven bort av raset i 1936.

Eindel av folket snakka om å flytte frå dalen etter ulukka. Likevel vart alle gardstuna bygde opp att. Husa vart bygde lengre frå stranda. Geologar meinte dei stod trygt, for dei venta ikkje fleire ras frå Ramnefjell, sa dei.

Loen-ulukka 1936:

I 1936 rasa ein million tonn kubikkmeter masse ut frå Ramnefjell og flodbølgja feia vekk alle gardane kring Loenvatnet.
Ramnefjell etter raset i 1936.
Ved femtida om morgonen den 13. september rasa det på nytt i Ramnefjell, og 74 menneske omkom.

70 meter høg bylgje

Denne gongen losna eit enormt fjellstykke på kring 1 million kubikkmeter 800 meter oppe i fjellet. Flodbylgja gjekk 70 meter høg, og sopa på nytt med seg alle gardane kring Loenvatnet.

Redningsmannskap ber vekk ein av dei omkomne.
Denne gongen var båra så høg at ho slo over Nesodden rett imot raset og skura den rein. Sjølv om minnesmerket frå 1905 på toppen av Nesodden var støypt fast i fjellet, vart det rive bort.

Største naturkatastrofe i nyare tid

I Bødal omkom 44 personar. I Nesdal vart husa som vart bygde opp att høgre oppe i 1905 sparde, medan bruket Fredsvoll nærmare vatnet vart råka, og
Katastrofen lokka til seg mange skodelystne, i tillegg til redningsmannskapa og dei frivillige hjelparane.
3 menneske omkom. I Indre Nesdal omkom 23 menneske.

Lengre nede langs vatnet gjorde flodbylgja også stor skade. På bruket Sanden miste to smågutar livet, og på Osnes omkom to personar.

Lodalsulukka var den største naturkatastrofa som hadde råka landet i nyare tid, og det vart sett i gang eit storfelt redningsarbeid.




Helsepersonell og bergingsmannskap strøymde til, og mange av dei skadde vart sende til det då nyopna Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid. M.a. vart det sett inn sjøfly som frakta dei skadde til sjukehus.

Landsinnsamling til etterlatne

Kronprins Olav (i uniform) var til stades under gravferda.
Ein rekna den gongen med at flodbylgja hadde gjort skade for kring ein halv million kroner. Over heile landet vart det sett i gang innsamlingar for å hjelpe dei som sat att.
Kronprins Olav var til stades ved gravferda for dei omkomne i Loen kyrkje, der det var samla kring 4500 menneske. Minnehøgtida vart kringkasta over riksnettet.

Ein av kransane kom frå Tafjord på Sunnmøre, der ras og flodbylgje hadde teke 40 menneskeliv to år tidlegare: ”Atter kjem ei bylgja naar saari skulde gro. Sorg og taaror fylgja. Vi delar med dykk no. Vi kondolerar! Folket i Tafjord.”

Ikkje bygd oppatt

Gardane i Bødal og Nesdal vart ikkje bygde opp att etter denne siste ulukka.

Minnesmerke

På vegen mellom Bødal og Kjenndal er det montert ei koparplate med namna på dei som ikkje vart attfunne etter Lodals-ulukkene i 1905 og 1936.



MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no