Heilt frå 1700-talet har det vorte dyrka frukt i Nordfjord. På slutten av 1700-talet vert det m.a. nemnt at både Peder Nedre-Berg og Rasmus Bø i Stryn har planta mykje søtapal og alm på gardane sine.
Slike oppteikningar frå 1700-talet finn vi fleire av både for Innvik og Utvik og grendene på Nordsida. Men epledyrkinga var primitiv og stort sett berre til privat bruk heilt fram på 1800-talet
Truleg var det Gloppen-presten Peder Pavels
(sjå
Preste-eple og fruktlager), som tidleg på 1800-talet var den første i Nordfjord som tok til å dyrke frukt i noko omfang. Han lærte bøndene podekunsten.
Poteta kom i 1809
Poteta tok først til å verte dyrka i Nordfjord kring 1809. Før det var det husdyrhald, kornåkrane og fjordafisket som var matberginga. – Les elles meir om den første potetdyrkinbga i fylket under Lærdal kommune – jordbrukshistorie.
Fruktlager
Det var først på 1920-talet at fruktdyrkinga skaut fart for alvor, med Innvik, Utvik, Rake, Flo og dei lune bygdene på nordsida av fjorden som dei viktigaste. Kring 1950 vart det bygd fruktlager i Randabygda, Blakset, Utvik og Innvik.
På Visnes i Stryn var det på 1920-talet også eit fruktlager; A/S Nordfjord Frukt- og Saftlager.