|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Stryn: Filminnspelingar i Stryn | Frå innspelinga av "Og bakom synger skogene" i 1959. (Foto: Norsk Film/NRK) |
Den vakre naturen i indre Nordfjord har ved fleire høve vore råma kring norske og utanlandske filminnspelingar. Publisert 09.04.2002 16:28. Oppdatert 21.02.2003 15:25.LYD OG VIDEO
"Jørund Smed"I mellomkrigstida vart det filma nokre scener på garden Breng i Stryn til filmen "Jørund Smed".
"Gjest Baardsen"Alfred Maurstad (1896-1967) spela hovudrollen i filmsuksessen "Gjest Baardsen" i 1939. Viktige fjellscener vart tekne opp på Tystigbreen på Strynefjellet, der Maurstad sette utfor med Vibeke Falk på ryggen. Elles vart det gjort opptak til denne filmen på Turtagrø på Sognefjellet og på garden Fuhr i Luster (sjå " Historia i Luster").
| Nokre av skodespelarane under innspelinga i 1959. (Foto: Norsk Film/NRK) |
"Og bakom synger skogene" | Regissør for "Og bakom synger skogene" var Karl Mai (t.h.). (Foto: Norsk Film/NRK) |
Trygve Gulbrandsens suksessbok "Og bakom synger skogene" vart filmatisert av tyskarane i 1959. Her vart det filma sentrale scener i Briksdalen, Kvame i Oldedalen og på Strynefjellet.
"Song of Norway"Toralv Maurstad (f. 1926) spela i 1969 hovudrolla som Edvard Grieg i Hollywood-musikalen "Song of Norway". Dei fleste utescenene til filmen vart spela inn i Olden. Den kvinnelege hovudrolla hadde svenske Christina Schollin. Andre innspelingsstader var Strynefjellet, Geiranger og Gudvangen.
I tillegg til spelefilmar har både reklame- og musikkvideoar vore spela inn i naturen i Stryn.
| I 2000 spelte den norske popduoen M2M inn musikkvideo på Strynefjellet til bruk på den asiatiske marknaden. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|