SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Handelsstader og storgardar i Stryn


Publisert 09.04.2002 09:45. Oppdatert 12.10.2005 14:43.

Storgarden og handelsstaden Tonning

Tonning handelsstad - eller ”Perhustunet” - ved munningen av Stryneelva er eit av dei eldste handelsseta i Nordfjord. Mektige handelsslekter har halde til her heilt frå tidleg 1600-tal, og det var tingstad.

Storgarden Vik

Storgarden Vik i Stryn var tidleg på 1800-talet ein av dei største i Nordfjord, for eigararane åtte også gjennom arv store eigedomar på Visnes og Markane, i Davik, og 18 gardar på Sunnmøre.

Garden Mindresunde

Garden Mindresunde ved Oppstrynsvatnet er ein av dei største i Stryn.

Bygdesenteret Faleide

Faleide vart trafikknutepunktet på nordsida av fjorden for Den Trondhjemske Postvei i Stryn frå 1795. Her var det skysstasjon.

Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik

I tettstaden Utvik har det vore gjestgjevarstad og handel heilt frå tidleg 1600-talet.

Handel og gjestgjeveri i Utvik

Frå eldgamle tider har breimingane hatt rett til hestebeite ved sjøen i Utvik, mellom Bruland og Verlo. Dette viser at det var denne vegen mot nord – over Utvikfjellet – som var ”sjøvegen” for dei austre grendene i Breim. Dei hadde både naust og båtar i Utvikfjæra.

Skjenkestove og gjestgiveri i Innvik

Den første skjenkestova på Hildeøyra i Innvik kom i 1709, då Henning Kjellson Hylland frå Ryggøyra i Gloppen slo seg til der og fekk løve til å drive ”øltapperi”.

Handel og skjenkestove på Oldeøyra

Heilt sidan 1600-talet har det budd borgarar med rett til å drive handel i Sjøatunet på Oldeøyra, som ligg på austsida av elvemunningen av Oldenelva.

Hugleik Tungøen frå Oldedalen

- sjå "Den vesle istida".

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no