i Utvik vart starta i 1898 starta av Dankert Johanson Loen.
Johan Mathiasson Bergset
dreiv hesteskofabrikk og landhandel på Verloøyra i Utvik i åra kring 1900. Bergset selde i 1911 fabrikken og flytta til Austlandet. – Sjå også
Hammerstad hesteskofabrikk.
var ein tønne- og trevarefabrikk som vart starta av Absalon J. Kårstad kring 1900.
i Utvik vart starta av Leif O. Felde kring 1900.
Leif Berge
i Utvik var bygdesmed og dreiv m.a. produksjon av landbruksutstyr i tillegg til reparasjonar. Han laga også møbelbeslag og bordflaggstenger i messing. Det er ukjent når Berge hadde verksemda si i Utvik.
Gjennom fleire utvidingar av fabrikken fram til 1914, utvikla Indviken Uldvarefabrikk seg til å bli ein av dei største i sitt slag i Norden.
Stryn Cementsteinfabrikk
på Visnes i Stryn vart grunnlagt 1912 av Harald Eikenæs, Peter Tenden, Hans R. Sunde og H. Schmidt. Alv Sætre vart tilsett som disponent. Hadde stor produksjon av betongrøyr og takheller til ein marknad i Fjordane og på Sunnmøre. Sand til produksjonen vart mudra opp frå elve-deltaet i Stryn.
Oldedalen Meieri og Ysteri
vart skipa i 1913 som eit samvirkeltiltak av gardbrukarane i dalen. Geitost var ein viktig spesialitet. I 1936 vart meieriet utvida og modernisert på nytt m.a. med ny dampkjel i 1951.
Utvik elektriske Sagbruk og Høvleri
vart starta i 1914 av Peder P. Myklebust. Verksemda starta samstundes med Utvik Elektrisitetsverk, og fekk straum derfrå. Sagbruket vart eitt av dei største i indre Nordfjord og gav arbeid til mykje folk. Sonen Peder Elias Myklebust overtok verksemda i 1947. – Sjå elles
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik. - Les elles om Arne Jensen frå Utvik under Bremanger kommune:
Sagbruka i Ålfoten.
vart starta i Utvik i 1918 av Peder Elias Olson Verlo.
Olden Mølle
vart bygd i 1920 av Olden Samyrkelag som også dreiv vanleg landhandel i bygget. 40 bønder i Olden stod bak mølla, som etter kvart også kjøpte inn korn utanfrå for maling og sal. Då eidaren etablerte seg i Olden og m.a. bygde ut ei stor turistskipskai, kjøpte han den store møllebygningen like ved og innreia den m.a. til kafé.
Karstad & Co A/S
i Stryn vart grunnlagt i 1922 av Nils Karstad (1896–1958) frå Sunnfjord. Firmaet dreiv først mekanisk verkstad, og er ei av dei eldste bilforretningane i Sogn og Fjordane. Firmaet vart i 1999 kjøpt av Berge & Co. i Førde.
Rasmus Auflem
starta som byggmeister og med trevareverkstad i Olden i 1925. På verkstaden vart det produsert dører, vindauge, trapper og andre innreiingsartiklar og møblar.
starta trevarefabrikk og trelastforretning på Visnes i Stryn i 1927.
Simon M. Muri
starta trevarefabrikk på Muri i Olden i 1929. Sonen Martines S. Muri starta i 1953 pensjonat.
Utvik Mek. Verksted
vart starta i 1930 av Marius K. Verlo. Han dreiv bilreparasjon og produserte også hydrauliske vippar og utstyr til sagbruk som vart levert til kundar over heile landet. - Sjå elles:
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.
Oppstryn Mølle
Oppstryn Mølle i Erdal vart bygt i 1932 av Ivar P. Erdal. Mølla hadde kapasitet på 700 tonn korn i året og tok imot korn frå heile undre Nordfjord. Så seint som i 1954 vart det male 34 tonn mjøl på mølla.
Stryn Møbelfabrikk A/S
grunnlagt 1933 av Jon Os, Oddmund Tonning og Anders Vik. Gjennom fleire eigarskifte, heiter no verksemda Stryn Møbelindustri AS. Har siste åra spesialisert seg i produksjon av møblar i flammebjørk. Hadde i år 2000 20 tilsette og ei omsetning på 16,5 millionar kroner.
Bergset Skifabrikk
Ragnvald Bergset starta skifabrikk i Utvik i 1933 etter at han hadde arbeidd på skifabrikk i Solør i nokre år og lært faget. Skimerket til Bergset Skiverkstad eksperimenterte mellom anna med ski med luftrom i. Men skiproduksjonen lønte seg ikkje, og Ragnvald Bergset la ned etter to års drift. Sjå elles
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.
Lars Hatledal
i Markane starta skifabrikk i 1934. Hatledal kunne produsere opptil 150 skipar årleg, og skia hadde logo med bilete av fjellet Glitteregga på tuppen. Hatledal arbeidde ski til ut på 1970-talet.
Trelastforretning og snekkarverkstad starta i Stryn i 1934. Har sidan 1975 spesialisert seg på trappeproduksjon under varemerket ”Stryn-trappa”.
Lillejords sagbruk og høvleri
på Blakset vart starta i 1934 av Anders K. Lillejord. Dei dreiv m.a. handel med skipsmaterialar. Sonesonen Arne tok over i 1952. På 1950-talet vart verksemda flytta til Tennebø ved Måløy.
Skarstein Trevarefabrikk
i Olden, grunnlagt 1935 av Kolbjørn og Ivar Skarstein. Dei produserte dører, vindauge og møblar.
Stryn Kostefabrikk
vart starta i 1936 av Andreas Hool og Jens Lien. Kostane framstilte dei på sjølvkonstruerte maskinar. I 1946 kom også Kristian Hool og Jakob P. Sandbakk med i firmaet. Kostefabrikken hadde kundar over heile landet.
|
Mons Løken (f. 1902) starta Løken Sagbruk og Høvleri i 1937. |
starta skreddarforretning i Innvik 1936.
Løken Sagbruk og Høvleri
i Olden grunnlagt 1937 av Mons Løken. I tillegg til saging, framstilte verksemda frukt- og ostekasser.
A.O. Sunde
i Oldedalen, mekanisk verkstad starta i mellomkrigstida. Den produserte utstyr for sagbruk og vassturbinar, og dei laga også vassrøyr i tre.
Arne Bø
starta skifabrikk i Stryn i 1938. Seinare gjekk fabrikken over til møblar, og spesialiserte seg på lenestolar og småmøblar.
Peder E. Ulvedal
starta kring 1938 sagbruk og høvleri i Ulvedal. Frå 1945 var han også skogreisingsleiar i dåverande Innvik kommune. Også Magnar O. Almenning dreiv sagbruk i Ulvedal på 1950-talet.
Jens Tisthamar og Hans M. Tystad
dreiv kloggfabrikk på Tisthamar i nokre år på 1940-talet. Kloggar er beksaumstøvlar med tresåle.
Oskar Mæland
starta maskin- og støypegodsforretning i Stryn i 1941. Han framstilte m.a. jordbruksmaskinar, bygningsartiklar og utstyr for meieri, og forhandla glas, radioar m.m.
Olav Auflem møbelverkstad
grunnlagt av den same i Olden 1945. Produserte møblar og bilkarosseri.
Kvamme & Sunde A/S
i Olden vart grunnlagt 1946 - sjå "
Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero".
Tonning Møbelfabrikk A/S
vart grunnlagt 1946 av Ingvar og Svein Bringsvor og Åsmund Breidablikk. På 1960-talet tok fabrikken til å produsere møblar av den kjende møbeldesigneren Alf Sture, og frå 1973 har verksemda berre produsert Sture-møblar. I 2000 hadde Tonning Møbelfabrikk 24 tilsette og ei omsetning på 18 millionar kroner.
Kvamme & Sunde A/S, Sunde Konfeksjon A/S, Kvamme Konfeksjon og Ricco Vero. Manufakturfabrikkar. Varemerket Ricco Vero kom etter kvart til å omfatte alle slags herreklær og sko.
Moelven Bruk - Vestlandsavdelinga
i Utvik - sjå
Fjordtre Produkter A/S.
grunnlagt i 1947 under namnet Moelven Bruk, Vestlands-avdelinga. Konsernet heiter no Dooria Norge.
Bjørkelid Kassefabrikk
vart starta kring 1948 av Olav G. Lee på Djup vest for Utvik. Lee kom frå Vik i Sogn.
bygde eit større meieri på Tonning i 1949, samstundes som mange lokale grendameieri rundtom i kommunen vart lagde ned.
Stryn Mek. Verksted
vart starta i 1950 av Rasmus Meland. Firmaet dreiv i hovudsak med reparasjon av bilar og hadde den første tida tre mann i arbeid.
Kvamme Konfeksjon
i Olden frå 1955 - sjå "
Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero".
Starta i Innvik 1959 av Torstein Presthus, som då flytta bedrifta med seg frå Trøndelag. Laga plastryer.
R. V. Hages Sementsteinsfabrikk
vart starta i Utvik kring 1960 av Reidar Olav V. Hage. Han samarbeidde med ein bror om drifta.
Grunnlagt i 1961 i Olden, som eit resultat av ein bitter lokaliseringsstrid i Nordfjord.
Martin J. Bakkelid
starta i 1962 ein trevarefabrikk på Muri i Olden.
Brødrene Almenning trevarefabrikk
på Blakset vart starta i 1965 av brørne Hallvard, Sveinung og Yngve Almenning og Johanna Myklebust. I 2002 heiter verksemda Almenning AS, produserer treskilt og har fire tilsette.
Grunnlagt 1965. Byggjer bussar. Konsernet bytte namn til Vest-Buss.
Humlen Industrier
sjå:
Industrihus-suksessen på 1960-talet.
Fluor-Lux
sjå:
Industrihus-suksessen på 1960-talet. Produksjon av sjølvlysande plastskilt.
Berglid Trevare
på Blakset vart starta i i 1967 av Arne Berglid og Jon Blakset. Verksemda produserte vindauge og kjøken. Seinare gjekk ein i samarbeid med Hangen Treindustri og produserer trapper. Verksemda har i 2001 12 tilsette.
Sunde Konfeksjon A/S
starta i Olden 1967 av Johannes Sunde - sjå "
Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero".
Svarstad Bygg
- sjå
Industriuksessen Pre Tre AS.
Takstolfabrikken Pre Tre AS, etablert i 1976, har vorte ein av dei store industrisuksessane i Stryn, med fabrikkar spreidd over heile Sør-Noreg.
Norske Pre Tre AS
- sjå
Industriuksessen Pre Tre AS.
Constructia AS
- sjå
Industriuksessen Pre Tre AS.
Skogstad Sport AS
1984 - sjå
Halstein Skogstad 1936.
Ricco Vero
- varemerke for Kvamme Konfeksjon sidan 1986 - sjå "
Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero".
Grunnlagt 1992 av Inge Melkevoll, Svein og Olav Kvame og Knut Ødven. Verksemda har gjort stor suksess med sal av vatn, tappa frå ei kjelde under isbreen.
vart starta i Stryn i 1998 av Elias Loen, Bjørn Åge Flo og selskapet ISCO.
NOMEK AS
– Sjå
Nordfjord Mekaniske AS.
Norske Pre-Tre AS
- sjå
Industriuksessen Pre Tre AS.
Vest-Busscar
sjå
Vest-Karosseri.
Dooria Norge
sjå
Fjordtre Produkter A/S.