|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samleside: LAKSEFISKET I SOGN OG FJORDANE |
Historia i Luster: Sjølv om både Mørkridselvi og Fortunselvi er gode lakseelvar, har dei ikkje hatt det eksklusive "lordefisket" andre lakseelvar, som t. d. Lærdalselvi og Årøyelva har hatt.
Historia i Eid:
I 1944 fiska Martin Hjelle ein av dei største laksane som er registrert fanga med sportsfiskarutstyr i Noreg. Laksen vog 27,6 kilo. Sjå resten av det utrulege biletet....
Historia i Sogndal: Årøyelva er den korte og fosserike elva som kjem frå Hafslovatnet og renn ut inst i Barnesfjorden.
Historia i Leikanger: Fisket med sitjenot vart ei viktig attåtnæring - og ofte ei hovudnæring - for mange gardsbruk langs Sognefjorden frå 1830-talet. Det var folk frå Osterfjorden i Nordhordland som lærte sogningane å bruke sitjenot, og mange strilar leigde seg også plass for eigne laksenøter langs Sognefjorden.
Industri og næring i Gulen: Det var strilane - særleg folk frå Osterfjorden - som var føregangsmenn i notfiske etter laks. Sitjenotfisket skaut fart kring 1830.
Historia i Fjaler: Flekkeelva vart tidleg oppdaga av utanlandske sportsfiskarar. På same vis som t. d. i Lærdal (sjå: Laksen og Lærdalselvi) og i Osfossen (sjå: Laksefisket under Osfossen), kjøpte utanlandske laksefiskarar ikkje berre retten til laksefisket, men også heile gardar der laksfisket høyrde til.
Historia i Vik: I Vik kommune var det 35 sitjenøter (lakseverpe), rekna frå vest:
Historia i Balestrand: Laksefisket med sitjenot (lakseverpe) hadde i gamle dagar stor økonomisk verdi for bønder langs fjorden. Den sterkaste konsentrasjonen av sitjenøter langs Sognefjorden fanst langs landet frå Målsnes til og med Eitorn. På denne strekninga er det registrert 20 sitjenøter.
Historia i Balestrand: Den fiskerike Vetlefjordelva vart tidleg ei populær elv for engelske sportfiskarar. To av dei har sett varige merke etter seg i bygda: Engelskmennene Middleton og Galphin budde på garden Midtun når dei fiska i elva.
Historia i Gaular: Irlendaren PottsLaksefisket i den store hølen under Osfossen ved utløpet av Gaula er ein av dei mest verdfulle i landet, og ein av dei første fiskehølane som engelske "lakselordar" kasta sine auge på då dei starta sportsfiske i Noreg midt på 1800-talet (sjå " Engelskmennene kjem til Lærdalselvi").
FLERE SAKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|