SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Solund:

Fiskerihistoria i Solund

Kast etter sild i Ytre Sula på slutten av 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Kast etter sild i Ytre Sula på slutten av 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Frå dei tidlegaste tider har fiskeri vore den viktigaste næringsgreina i Solund kommune. Eit teikn på kor viktig fisket kring dei yste havskjæra har vore frå gamalt, er at det vart bygd eiga kyrkje i Utvær så tidleg som på 1200-1300-talet, og på 1600-talet vert Utvær nemnt som eit viktig fiskevær med omfattande handel.

Publisert 12.03.2002 12:23. Oppdatert 20.03.2002 15:17.
Fiskarane herfrå har i tillegg til heimefisket drive allsidig havfiske og fangst - slik som makrelldorging i Nordsjøen kring 1900, snurpenotfiske, brislingfiske, størjefangst og fangst av småkval langs kysten, og sel i Ishavet. I kommunen har det også vore betydeleg hummarfiske og østersproduksjon.

Sidan 1960-talet har oppdrett vokse seg til ei stor næring.
Men viktigast av alt gjennom tidene har vore landnotfisket etter sild.

· Landnotfisket i Solund
· Sjølaksefisket i Solund
· Lønsamt hummarfiske
· Skjelsanking
· Makrelldorging
· Selfangstkongen Lyder Larson Strømmen
· Tangskjæring og taretråling


Klippfiskproduksjon

Frå 1800-talet vart det tørka mykje klippfisk på svaberga i Solund. Fisken vart kjøpt som saltfisk frå jekter som kom nordfrå. Kjende klippfiskberg låg i Tungodden, Pollen, Litle-Færøyna og Nordre Kråkenes. Klippfiskproduksjonen varde til 1930-talet.

Brønnbåtar

Føring av levande fisk frå Solund til Bergen i brønnbåtar starta truleg tidleg på 1900-talet. Torgeir Børsheim busette seg på Lundøy i Ytrøygrend i 1889. Han er truleg den første som starta fisketransport med brønnbåt i Solund.

Fiskesalslaget med mottak

Samvirketanken var sterk mellom fiskarane på 1950-talet, og gjennom dotterselskapet AS Fiskeforsyning bygde Sogn og Fjordane Fiskesalslag på 1950- og 1960-talet fleire store mottaksanlegg med fryseri: Raudeberg i 1955, Bulandet 1956, Bremanger 1958, Stadlandet 1960 og på Ytrøy i Solund i 1969. Anlegga gjekk dårleg og vart etter få år lagde ned eller selde. I 2002 er det Lerøy-gruppen i Bergen som står bak fiskemottaket i Solund og som får mykje av ferskfisken sin derfrå.

Størjefisket

Solund vart ei av dei store "størjekommunane" då dette fisket slo til etter 2. verdskrig. Den store makrellstørja (tunfisk) vert fiska med not, og fiskarane speida etter størjestimane frå utkikkstønne, nett som på kvalfangst. Den første Solund-skøyta som deltok var "Nordsolund" i 1950. Det største kjende størjefangsten nokon sinne gjorde "Nordsolund" på Hellefjorden same året. Då tok den 748 størjer i eitt kast! Båten måtte ha hjelp for å berge fangsten, og 7 båtar fekk full last. Størjefisket på Vestlandet minka sterkt og var på det næraste slutt for Solund kring 1980.

Oppdrettsnæringa

Oppdrettsanlegg i Hjønnevåg. (Foto: Asle Veien, NRK).
Nærleik til kysten, og mange sund med god gjenomstrøyming mellom holmane, gjer Solund til ein av dei viktige oppdrettskommunane i Sogn og Fjordane. Alt i 1964 starta Bernt Ravnøy dei første forsøka med oppdrett av regnbogeaure på Solnes på Ravnøy. Han var ein av dei første pionerane i norsk oppdrettsnæring. Fôret laga han sjølv etter eiga oppskrift. Han bygde fryseri og utvida anlegget til det sysselsette tre personar. Seinare er det bygd ei mengd fiskeoppdrett i kommunen. (Sjå meir om desse under "Fiskeoppdrett og sjømat i Solund").

Kystkultursenteret på Litle Færøy. (Foto: Aasulv C. Austad, NRK)

MEIR OM SOLUND 
Solund kommune

 
Historia i Solund
Industri og næring i Solund
Kjende personar i Solund
Kommunehistoria i Solund
Krigshistoria i Solund
Kyrkjer i Solund
Samferdsle i Solund
Skular i Solund
Verd å sjå i Solund

 
Lyd frå Solund
Video frå Solund
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no