|
Jegrane Matias Hole og Rasmus L. Bjørnereim med ein bjørn dei skaut i 1902. (Foto © Fylkesarkivet) |
Bjørnejegrane
Rasmus Jakobson Rønnekleiv var ein vidgjeten jeger frå Hyen. I tida kring 1900-talet, skaut han seks bjørnar, og felte i alt 89 hjortar. Kring 1890 skaut
Pelsdyrpionér Ole M. Totland frå Bryggja bjørn i Skjerdalen i Hyen. I 1903 vart siste bjørnen i Breim skoten i Våtedalen eit stykke sør for Egge av Iva (Ivar) Kvila frå Breim. I 1905 skaut
Rasmus L. Bjørnereim og Mattis Hole eim bjørn ved Fitjestøylane.
I 1908 vart den siste bjørnen i Gloppen skoten i stranda vest for Hyefjorden av Anders Holme frå Hyen. Under hjortejakta kom han over ein sovande bjørn som han skaut på kort hald. I området kring Ålfotbreen, både kring Svelgen og Davik, var det ein sterk bjørnestamme i eldre tider. – Les meir om folk som vart drepne av bjørn i dette området under Bremanger kommune.
|
Anders Holme felte den siste bjørnen som vart skoten i Gloppen |
Jølstring drepen av bjørn i Breimsfjella
Den 13.oktober 1832 var Bendik Johansen (Jeremiassen) Øvrebø frå Klakegg på bjørnejakt i fjella ved Kandalen i Breim saman med ein mann frå garden Mykland og Ole og Bertel (Berulf) Andtonsen frå Egge i Breim. I fjellet ovanfor Mykland kom dei brått på ein bjørn.
Bendik fekk berre inn eitt skot som streifa bjørnen og gjorde den illsint. Ein annan av jegerane bomma. Bjørnen gjekk til åtak, først på Ole Egge som vart hardt skadd. Bendik Øvrebø slo etter bjørnen med geværkolben, og dermed sette bjørnen rett på Bendik. Bertel Antonsen freista å skyte bjørnen, men i det same skotet gjekk av, kasta bjørnen seg til side og kula råka Bendik Øvrebø i staden. Jegeren frå Myklands-garden sprang ned i bygds etter hjelp, men Bendik Øvrebø døydde nett då hjelpa kom fram. Ole Egge måtte berast heim, men kom seg til hektene att.
|
Denne bjørnen måtte bøte med livet i Våtedalen i 1903. Jaktlaget er bak frå v. Tor Veiteberg, Iver Kvile, Berent Teita og Ola Skinlo. Framme Rasmus Bjørnereim og Gabriel Reed med børsa. Foto: G.L. Bjørnereim, utlånt av Jacob K. Førde |
|
Jerv. (Illustrasjon: NRK) |
Jervejakt
Etter at jervebestanden auka i nyare tid, vart ein jerv skoten ved Sandalsstøylen i Breim i 1985 av Andreas Skogli, Olden. Jerven vart kalla ”Trefotingen”, fordi den hadde vore i ei felle og fått kappa av eine framlabben.
Ulven i Gjengedalsmarka
Dei aude fjellviddene kring Hyen har vore siste tilhaldsstaden i Fjordane for ulv og bjørn. Den siste ulven vart skoten i 1950 i Naustedalen, som er grannelaget til Gjengedalsmarka (sjå "
Den utrulege Naustdals-ulven"). På 1600-talet budde det folk på fjellgardar i Gjengedalsmarka. Gardane låg så høgt at kornet ofte fraus, og folket livnærte seg m.a. på bjørnekjøt ”og andet saadant grovt skytteri”. Segna fortel at då bonden i Vasslia hadde vore til bygds for å låne seg bryggjestamp til jul, vart han angripen av ulvar på veg heim. Han kvelvde då bryggjestampen over seg og sonen, slik at ulvane ikkje skulle nå dei. Når ulven krafsa under stampen, hogg mannen ulvelabben av med øksa, og den såra ulven vart riven ihjel av dei andre. Slik låg far og son til berginga kom om morgonen. Segna er m.a. teken med i novellesamling av forfattaren Knut Gjengedal.
Det er mykje som tyder på at dette er ei vandresegn, for same historia om bryggjekaret som verna mot ulvar ute på isen finn vi om ein kar frå Bell i Viksdalen i Sunnfjord
(sjå "
Rovdyrplaga i Gaular").