Etter ein rettsprosess på 1600-talet vart tre kvinner – Ragnhild Myklebust, Lussi Hole og Brite Veiteberg brende som hekser. Dei var alle skulda for å ha teke del i heksesabbat på Vora saman med andre namngjevne hekser frå Nordfjord og Sunnfjord. Der hadde dei møtt Djevelen, og Jon Andersson Teita frå Breim hadde spela tromme.
Ragnhild og Lussi hamna på bålet i 1663. Men Brite Veiteberg forklarte at ho hadde vorte lokka til å setje seg på sopelimen til Ragnhild Myklebust for å fly til Vora. Men Ragnhild vitna imot henne, truleg som ein hemn for eitt eller anna. Etter harde forhøyr og ei lang rettsak, vart også Brita brend i 1664.
Sunneve Torsdotter Øvreset slapp billegare då ho i 1645 vart skulda for å lækje folk med å ”læse udi salt og ulltraad”. Ho vart dømd til landflyktighet, elles ville ho bli halshoggen.
Jonsoknatta 1658 vart Gjertrud Andersdotter Hunskår frå Breim halshoggen for hekseri. Ho skulle ha sendt ein svart hund rundt i gardane om natta for å bite folk og krøter slik at dei vart sjuke.
I 1681 vart Anne Øvreset frå Breim dømd til døden for hekseri. Ho skulle ha brukt trolldomsmakt og mana livet ut av Guri Hansdotter Øvreset etter ein krangel på støylen.
Hekseprosessane gjekk føre seg i tidsromet frå ca. 1580 og fram på til ca. 1710. I denne perioden vart 65 personar tiltala for hekseri i Sogn og Fjordane (sjå også under
Absalon Pedersøn Beyer om kona Anne Pedersdotter (Beyer).