SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Hyllestad - ulukker

Flyulukka i Lifjellet

Dei omkomne vart frakta frå Lifjorden til Bergen i slepebåten
Dei omkomne vart frakta frå Lifjorden til Bergen i slepebåten "Vulkanus". (Foto © Fylkesarkivet)
Den skarpskorne profilen til det mektige Lifjellet er det mest kjende landemerket i ytre Sogn.

Publisert 28.02.2002 10:59. Oppdatert 31.01.2008 08:19.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Bernt Balchen (ståande) leia redningsarbeidet. (Foto © Fylkesarkivet)
Tidleg om morgonen den 16. juni 1936 høyrde bygdefolk flydur over Sognesjøen. Det var det 3-motors sjøflyet "Havørn" som var frå veg frå Bergen til Tromsø. Om bord var det fire mannskap og tre passasjerar: Førsteflygar Ditlev Pentz Smith, 27 år, Norderhov, andreflygar Erik Storm, 32 år, Oslo, reserveflygar Peter Ruth Paasche, 21 år, Bergen, radiotelegrafist Per Erling Hegle, 28 år, Horten, sikringsinspektør Sven Svensen Løgit, 36 år, Stavanger, konsul Wilhelm Andreas Mejdell Dall, 51 år, Kristiansund og redaksjonssekretær Harald Wigum, 46 år, Bergen.

Rett i fjellveggen

Klokka 0700 vart den jamne flyduren broten av eit mektig drønn. "Havørn" hadde rent inn i den flogbratte fjellveggen på Risnesnipa i Lifjellet. Det var fint ver, men i eit skoddelag over Sognefjorden kom flyet ut av kurs.
Henning Tønsberg (med hatt) kjem til Hyllestad. Magnus Lundeland med taukveilane. Foto: Magnus Kolgrov, utlånt av Norvald Stokkenes

Sju mista livet

Alle som var vitne til ulukka skjøna at ingen kunne overleve noko slikt. Likevel vart det sett i gang ein stor bergingsaksjon. Først fann bygdefolk to omkomne ved fjellfoten, men forsøk på å kome opp til flyvraket var fåfengt før det kom øvde fjellklatrarar til.
Då kunne ein slå fast at den største flyulukka til då hadde hendt: Alle dei sju ombord hadde mist livet. Dei fire fjellklatrarane som henta ned tre omkomne frå den øvste fjellhylla, vart seinare heidra med Kongens gullmedalje for edel dåd.
Det siste biletet som vart teke av "Havørn" - i Bergen. Biletet er utlånt av Siri Paasche Birkeland

Ulukkesflyet LN-DAE ”Havørn” var ein tyskbygd Junker som var leigd frå Lufthansa av Det Norske Luftfartsselskap. Flyet hadde i 1935 trafikkert på ei kystrute Oslo-Kristiansand-Stavanger- Bergen før det frå 7. juni 1936 vart sett inn i den nye postflyruta mellom Bergen og Tromsø.

Innsamla vrakdeler frå "Havørn" er utstilte på Flyhistorisk Museum på Sola.
Risnesnipa, der "Havørn" flaug inn i fjellveggen. Foto: Mechtild Reuber

Sjå også:
· Historia i Hyllestad
· Ulukker i Hyllestad


MEIR OM HYLLESTAD 
Hyllestad kommune

 
Aviser og media i Hyllestad
Historia i Hyllestad
Industri og næring i Hyllestad
Kjende personar i Hyllestad
Kommunehistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Hyllestad
Kraftforsyninga i Hyllestad
Kyrkjer i Hyllestad
Samferdsle i Hyllestad
Skular i Hyllestad

 
Lyd frå Hyllestad
Video frå Hyllestad
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no