Jørgen Meier Heffermehl (1805–1879), skomakarson frå Kristiania, og den første prest i Gloppen som ikkje kom frå embetsætt. Sokneprest i Gloppen 1842 til 1866, og politikar.
Før han kom til Gloppen, hadde han representert Nordlands amt på Stortinget 1839. I Gloppen vart han ordførar, og var stortingsmann 1845 for Nordre Bergenhus amt. Han vart postopnar på Vereide, etter at han hadde greidd å få lagt ned postopneriet i Ryssfjøra, og dreiv gjestgiveri på Sandane. Heffermehl var også styremedlem i Amtsbaatane (Fylkesbaatane) frå starten i 1858 til 1865.
I konflikt med bygdefolket
Heffermehl vart tidleg kjend som ein hardlynt og arrogant prest som kunne vise bort dåpsborn og folk frå nattverd kring alterringen.
Han kom i konflikt med kyrkjelyden ved fleire høve, og særleg med det pietistiske miljøet som stod sterkt i Gloppen på den tida (
Separatistane på Nesjane). Her samla haugianarane seg kring klokkar og kyrkjesongar
Jon Jonsen Hyenes , eller Skule-Jo, som han vart kalla på folkemunne. Krinsen kring Skule-Jo var konservativ, og klaga presten Heffermehl inn for biskopen for måten han skjøtta gjerninga si på. Dei ville heller ikkje ha han som ordførar, og arbeidde aktivt for å hindre at han skulle halde fram som stortingsmann. Ved valmannsvalet i 1850 fekk Skule-Jo 130 røyster, medan Heffermehl berre fekk tre. Heffermehl svor hemn for nederlaget: Han skulda kyrkjesongaren Skule-Jo for dårleg framferd i tenesta, og fekk han avsett i 1850.
Bygdefolket vart så arge at lensmannen ei tid var redd for ”den offentlige sikkerhed”. 50 mann kom ihop og fekk sakførar til å formulere krav om at Heffermehl vart avsett. Presten på si side hemna seg mot aksjonistane ved å nekte dei nattverd og barnedåp, og gjekk i 1851 like godt til motklage på både Skule-Jo og heile prestegjeldet.
Heffermehl fekk fri sakførsel av regjeringa, medan Skule-Jo måtte koste saka sjølv. Saka gjekk heilt til Høgsterett. Skule-Jo vart avsett, og vart runinert ved utpanting.
Heffermehl fekk øydelagt si politiske karriere på striden.