|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsla i Gloppen: Hyen og omverda | Straume og Hyen kyrkje. (Foto: Asle Veien, NRK) |
I Hyen gjekk det svært lang tid før bygdene fekk skikkeleg vegsamband: I 1898 fekk austre Hyen køyreveg til Aa. Vegen til bygdesenteret Straume var ferdig 1928. Gardane på Mjellem fekk ikkje køyrande gardsveg før i 1958. Før den tid gjekk mykje av transporten på løypestreng. Publisert 25.02.2002 12:22. Oppdatert 02.02.2007 09:40.I vestre Hyen vart køyrevegen ned til Hope bygd kring 1860, men veg til fjords langs Hopsvatnet kom først i 1933. På dette svært lokale vegnettet trafikkerte Hyen Billag L/L (skipa 1935) etter initiativ frå Anders Hjorteset. Første skyssbåten på Storefjorden vart også kjøpt av den teknisk interesserte Anders Hjorteset i 1926. Hyen fekk ikkje vegsamband med omverda før i 1962, då vegen over til Eikefjord i Sunnfjord vart opna. No hadde Firda Billag teke over rutetrafikken i Hyen. Vegsamband til eigen kommune og kommunesenteret Sandane fekk ikkje Hyen før i 1989.
| Skåling for gjennomslag på Hyevegen 20. desember 1988. Frå v. Ola M. Hestenes, Nils E. Eimhjellen, Bertel Aa og Olav Moritsgård. Foto: Firda Tidend. |
Vegen til Gjengedal i austre Hyen går i svingar opp det bratte Gjengedalsgjølet. Då vegen vart utbetra i 1972, rasa mykje av vegbana ut av det slette berget og ned i det flogbratte elvejølet. Gravemaskinen hadde nemleg kutta trerøtene som hadde vakse inn i veggrunnen. Desse var det einaste som heldt gamlevegen på plass!
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|