SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Flora fødde år 1900-1940

Omtalene er ordna etter fødselsår:

Publisert 14.02.2002 12:46. Oppdatert 13.04.2007 13:31.
Neste side:
· Kjende personar i Flora

Martin Domben

(1900-1988), frå Domben. Fiskarbonde og motstandsmann under 2. verdskrig.

Wilhelm Elias Pedersen

(1900–1943) frå Kinn, busett på Skodje. Maskinmeister og krigsseglar. Omkom då M/S ”Banco” vart køyrd i senk utanfor Berlevåg 12. november 1943.

Peder Harald Esø

(1900–1941) frå Kinn. Omkom saman med to brør, Mads Esø (sjå denne) og Torleif Mads Esø (sjå denne) då dei den 13. januar 1941 freista å demontere ei mine.

Martin Loftesnes

(1901-1981) frå tidl. Bru kommune. Journalist og redaktør av "Firda Tidend" 1929-30. Dreiv avisa "Gjallarhorn" i Førde 1938-1940. Gav i 1972 ut diktsamlinga "Mellom dag og natt".

Ludvik Kristoffer Ludviksen

(1901–1944) frå Kinn. Sjømann og krigsseglar. Omkom då D/S ”Isbjørn” forliste i Den engelske kanalen den 17. desember 1944.

Sigrun Solberg

(1902-2002) frå Årebrot. Bondekone og motstandskvinne under 2. verdskrig.

Ansgar Mattis Broholm

(1902–1940) frå Florø. Sjømann og krigsseglar. Omkom då D/S ”Bisp” gjekk ned etter avgang frå Sunderland i England den 20. januar 1940 med kurs for Åndalsnes.

Hjalmar Tjelta

(1903-1985) fødd på Sola. Prest og politikar for Kristeleg Folkeparti. Sokneprest i Kinn frå 1938, og prost i Sunnfjord frå 1954. Medlem av kommunestyre og formannskap, og vararepresentant til Stortinget 1965-1969.

Jens Thoralf Johannesson

(1903–1943) frå Kinn. Maskinist og krigsseglar. Omkom då M/S ”Vibran” truleg krigsforliste på veg frå Cardiff til Halifax mellom 18. og 24. september 1943. Tildelt Krigsmedaljen post mortem.

Mads Esø

(1904–1941) frå Kinn. Omkom saman med to brør, Peder Harald Esø (sjå denne) og Torleif Mads Esø (sjå denne) då dei den 13. januar 1941 freista å demontere ei mine.

Leif Anton Pettersen

(1904–1942) frå Florø. Sjømann og krigsseglar. Hadde gått fiskarfagskulen. Omkom då D/S ”Gunny” vart torpedert i Det karibiske havet på veg frå Vest-Afrika til New York den 2. mars 1942.

Olav Nilsson Kolle

(1904-1969) frå Fusa, busett i Florø. Skuleinspektør i Florø frå 1957. Ordførar i Florø 1949-1955, der han m.a. sytte for at kommunen stilte gratis tomt til rådvelde då Ankerløkken etablerte seg i byen i 1949. Vararepr. til Stortinget 1954 -1957.

Malvin Horne

(1904-1962) frå Vevring, fotograf busett i Florø.
Didrik Kittang. Foto: Olav Solheim

Didrik Kittang

(1905-1984) frå Kinn. Lærar og organisasjonsmann. Lærar og skulestyreformann i Kinn i 20 år, og skulesjef i Førde i åtte år. Tillitsverv m.a. i ungdomslag og Sunnfjord Sogelag. Far til Atle Kittang.

Bernhard Nikolai Reksten

(1906–1944) frå Reksta. Skipskaptein og krigsseglar. Var skipsførar på M/T ”Buccaneer” då tyske marinefarty gjekk til åtak i Skagerak den 1. april 1942. Mannskapet søkkte sjølve skipet, slik at det ikkje skulle falle i fienden sine hender. Mannskapet vart arresterte og sende til tyske konsentrasjonleirar. Reksten vart overført til Marlag und Milag Nord, overført Rensburg, overført Sonnenburg, og døydde i fangenskap den 16.02.1944.

Arne Domben

(1906-1985) frå Kinn. Politimann m.a. i Måløy og Florø, og forfattar av diktsamlingane "No er eg blitt politi!" (1943) og "Mørk natt" (1976), Fonna forlag.

Olav Sande

(1908-1991) frå Sandane, busett i Florø. Forretningsmann og radiofabrikant.

Torleif Mads Esø

(1908-1941) frå Kinn. Omkom saman med to brør, Peder Harald Esø (sjå denne) og Mads Esø (sjå denne) då dei den 13. januar 1941 freista å demontere ei mine.

Johannes Stavang

(1908–1940) frå Kinn. Motormann og krigsseglar. Omkom då M/T ”Havbør” vart torpedert på veg mellom Cape Town og Freetown den 14. november 1940, medan mannskapet var i ferd med å berge mannskap frå eit anna skip som hadde vorte torpedert.

Arvid Johan Stenhovden

(1908–1943) frå Florø. Maskinist og krigsseglar. Omkom då D/S ”Norhauk” gjekk på ei mine ved munningen av elva Themsen i England den 21. desember 1943.

Einar Skare

(1909–1941) fødd i Bergen, busett i Flora. Sjåfør og motstandsmann. Omkom under rømming til England i september 1941 då motokutteren ”Odd” kom bort på veg over Nordsjøen.

Hilmar Hansen

(1909-1944) frå Florø. Fiskar og motstandsmann, døydde i tysk fangenskap.

Fridtjof Urdal d.e.

(1910–1945) frå Kinn. Fyrbøtar. Vart hardt såra og døydde seinare av skadene då D/S ”Fusa” vart bomba av allierte fly og søkkt på Korsfjorden sør for Bergen den 8. januar 1945.

Ludvig Olai Botnen

(1910-1987) frå Angedalen, Førde. Busett i Florø. Redaktør og Venstre-politikar. Stortingsrepresentant 1961-1969.

Arvid Greni

(1910-1941) frå Florø. Kunstmålar og karikaturteiknar. Vekte stor merksemd i Oslo på debuten 1939. I den korte tida han arbeidde før han døydde, hadde han teikneoppdrag for Aftenposten og Dagbladet og Tidens Tegn.

Odd Batalden

(1911–1941). Radiotelegrafist og soldat. Gymnas og radiotelegrafiskule. Var radiotelegrafist på Flatøy ved Bergen ved krigsutbrotet 1940. Rømde via Nord-Noreg til England, Canada og Island, og gjorde teneste som radiotelegrafist i flyvåpenet i marinen. Omkom då flyet styrta på Island 30.juli 1941.

Jostein Julius Knapstad

(1911–1944) frå Kinn. Politikonstabel. Hadde gått jordbruksskule. Arrestert 15. august 1943 i samband med den store aksjonen som nazistane sette i verk mot norsk politi. Overført Bergen, overført Grini 21.11.1943, overført Stutthof 9.12.1943, der han døydde 17.03.1944.

Sigurd Hilmar Wick

(1911–1944) frå Kinn. Snikkar og motstandsmann. Deltok i våpensmugling under 2. verdskrig og hadde radiosendar. Arrestert 25. februar 1941 etter opprulling i den såkalla Alvær-saka. Overført Ulven 31.03.1941, overført Grini 25.11.1941, overført Åbergveien 23.02.1942, overført Berlin 3.04.1942, overført Hamburg-Fuhlsbüttel, overført Sonnenberg, overført Sachsenhausen, overført Dachau og døydde der 16.12.1944.

Odd Fjeldstad Pettersen

(1912–1939) frå Kinn. Maskinist og krigsseglar. Omkom då M/S ”Ronda” vart sprengd av ei mine utanfor Rotterdam den 13. september 1939.

Ingvar Andreas Sagen

(1912–1941) frå Florø. Sjømann. Hadde hyre på ein motorkutter som vart tvinga til å gå i fraktefart for tyskarane under 2. verdskrig. Den 23. september 1941 freista Sagen å kome seg over til England med kutteren. Båten kom bort på reisa over Nordsjøen.

Magnus Thingnæs

(1912-1962) frå Florø, busett i Oslo. Typograf og forfattar, som m.a. har gjeve ut diktsamlinga "Min barndoms by" (1944) og eit par gutebøker. Var redaktør av jubileumsboka i samband med 100-årsjubileet for Florø i 1960. Skipa Florø-klubben i Oslo, og var aktiv i Sunnfjordlaget der.

Ole E. Aaserud

(1912–1989) frå Hamar. Industrimann og verftseigar.

Mathias Andreas Midtbø

(1913–1943). Sjømann og krigsseglar. Var kanonèr på M/T ”Nortind” då skipet kom bort i januar 1943 på veg frå New York til Jersey. Skipet vart truleg senka av ein tysk ubåt den 25. januar 1943.

Erling Dagfinn Salomonsen

(1913–1944) frå Florø. Sjømann og marinesoldat. Reiste til sjøs i 1939. Gjorde teneste som dekksmann på den norske jagaren ”Svenner” under 2. verdskrig. Fall då skipet gjekk på ei mine utanfor franskekysten under den allierte invasjonen i Normandie den 6. juni 1944.

Kjeld Haus

(1913-1993) frå Florø. Fabrikkeigar og Høgre-politikar.

Sigurd Nybø

(1913-1997) frå Florø. Forretningsmann og matvaregrossist.

Sveinung Jensen

(1914–1944) frå Kinn. Stuert og krigsseglar. Segla på allierte handelsskip under heile krigen til han vart sjuk og døydde av tyfus i Alexandria, Egypt, den 17. mai 1944. Tildelt Krigsmedaljen.

Nils Johan Kittang

(1915–1941) frå Kinn. Matros. Hadde utdanning som kystskipper. Rømde frå Florø med M/B ”Odd” den 23. september 1941 med kurs for Shetland. Omkom då den vesle båten truleg forliste i Nordsjøen.

Olaf Larsen Kinn

(1915–1942) frå Florø. Fiskar og soldat. Var dekksmann i den norske Marinen under 2. verdskrig og med i Shetlandsgjengen, der han gjorde fleire turar til Noreg i spesialoppdrag. Omkom samen med dei andre ombord då fiskeskøyta ”Sandøy” vart skoten i senk av tyske fly i desember 1942 på veg frå Shetland til Lyngvær.

Odd Færøyvik

(1915-2006) frå Furesund. Bonde og Venstre-politikar. Ordførar i Kinn 1948-1961.

Kristoffer Svanøe

(1915-1992) frå Svanøy. Bonde og eigar av Svanøy Hovudgard.

Dagfinn Ulriksen

(1915-1955) frå Florø. Fiskar og etterretningsmann under 2. verdskrig.

Trygve Eikevold

(1915–1940) frå Florø. Marinegast. Var spesialtenar på panserskipet ”Norge” då det vart søkkt under kampane ved Narvik den 9. april 1940. Eikevold omkom saman med 100 andre.

Christian Sommerfelt

(1916-2004). Fødd i Oslo. Adm. direktør i Christiania Spigerverk 1961-1972, og seinare nestformann og styreformann i Elkem-Spigerverket AS.

Astrid Stegane

(1916-1990) frå Eikefjorden. Bondekone og Venstre-politikar.

Sigfred Sandvik

(1916–1942) frå Florø. Motormann og marinesoldat. Deltok i kampane i Noreg i aprildagane 1940. Rømde seinare til England og gjorde teneste som maskinist på minesveiparen ”Sotra”. Omkom då ”Sotra” under konvoiteneste vart bomba og senka utanfor Tobruk i Nord-Afrika i januar 1942.

Andreas Sigvard Hesjedal

(1917–1945) frå Kinn. Bygningssnikkar og soldat. Deltok i kampane i Valdres etter krigsutbrotet 1940. Vart innkalla til teneste sommaren 1945 og omkom då ammunisjonslekteren ”Thekla” (sjå Thekla-ulukka) eksploderte ved Florø hamn den 1. september 1945.

Erling Johan Vårdal

(1917–1945) frå Florø. Blekkmakar og flysoldat. Deltok i krigen i Valdres i aprildagane 1940 og sat ei tid som krigsfange i Hønefoss. Rømde til England 18. januar 1942. Slutta seg til dei norske styrkane og fekk bombeteknisk utdanning. Under teneste i flyvåpenet på Shetland og Orknøyane vart han sjuk sommaren 1944. Døydde på Rikshospitalet i Oslo 5. august 1945.

Nils Jørgen Fuglesang

(1918-1944)fødd i Flekkefjord, busett i Florø. Fenrik og krigsflygar. Skoten av tyskarane etter ordre frå Adolf Hitler.

Mons Monsen

(1918–1980) frå Davik. Lensmann og politikar.

Atle Svardal

(1919-1945) frå Florø. Norsk motstandsmann og radiotelegrafist under 2. verdskrig.

Aleksander Eikevold

(1920–1940) frå Florø. Matros og krigsseglar. Omkom då D/S ”Keret” vart torpedert i Atlanterhavet på veg frå North Shields til Sydney den 22. august 1940.

Birger Oddmund Bjørnsen

(1920–1941) frå Kinn. Fiskar og soldat. Gjorde teneste som dekksmann i Marinen under 2. verdskrig, kom med i Shetlandsgjengen og omkom då M/K ”Blia” gjekk ned etter eit spesialoppdrag mot kysten i Nord-Noreg den 15. november 1941.

Malvin Johan Aas

(1920–1941) frå Florø. Matros og krigsseglar. Omkom då M/T ”Hidlefjord” vart bomba og sett i brann i St. George-kanalen på veg frå Bermuda til Barry Roads den 1. april 1941.

Rudolf Johannessen

(1922–1942) frå Florø. Dekksmann og marinesoldat. Tenestegjorde som dekksmann på norske marinefarty under krigen, vart sjuk og døydde i Liverpool den 17. september 1942.

Olav Aas

(1923–1944) frå Florø. Matros og krigsseglar. Vart teken til fange då M/S ”Kattegat” vart senka av eit tysk kaperskip i Sør-Atlanterhavet den 20. mai 1942. Vart overleten til japansk fangenskap, men greidde å rømme og tok seinare hyre på M/S ”Tricolor”. Fall over bord og drukna i Port Adelaide i Australia den 28.oktober 1944.

Rolf Seljeseth

- "Tullen" (1923-2001) ifrå Florø. Kjend fotballspelar i Sogn og Fjordane, og spela på A-laget til Florø til han hadde passert 50 år. I tillegg til Florø-laga (sjå "Idrettslag i Flora", har han spela for Årdalslaget Jotun. Vart krinsmeister med old-boyslaget til Florø då han var 73 år gamal. Opphavsmann til "Tullen-prisen", som på kvart fotballting vert delt ut til unge fotballtalent i Sogn og Fjordane.

Johan Engja

f. 1923 frå Florø, busett i Molde. Arbeidde som utbyggingssjef i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal fylke før han i 1971 vart adm. direktør i Møre og Romsdal Fylkesbåtar til 1980. Har også hatt engasjement for NORAD ved skiping av utviklingsbank i Tanzania. Son til Nils Engja (sjå denne under "Kjende personar i Flora fødde år 1800-1900").

Kjellaug Lillengmo

(f. Hjellbrekke) f. 1925 frå Norddalsfjorden, busett i Lillesand. Har gjeve ut reiseskildringar m.a. frå Venezuela, og romanen "Tilståelsen" 1980.

Svein Brandsøy

(1925-2000) frå Brandsøy. Planleggjar i Televerket og amatørarkeolog.

Bjørn Hegranes

f. 1926 i Florø. Grafikar og målar.

Jon Skaar jr.

f. 1926 frå Måløy. Siviløkonom og fiskeeeksportør.

Saxe Bjørkedal

f. 1927 i Bjørkedalen i Volda, busett i Florø. Lærar, som har lagt ned eit stort arbeid i registrering og konstruksjon av gamle Sunnmørs-båtar. For dette arbeidet vart han i 2002 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Knut Domstein

(1929–1988), fisketilvirkar frå Måløy. Starta veksten til det som no er kjent som Domstein-konsernet.

Rolf Orheim

(1929-2005) frå Stårheim, busett i Florø. Journalist og Arbeidarparti-politikar.

John Kleven

John Kleven

f. 1931 i Ulsteinvik. Verftseigar.

Laila Steindal

f. 1932, fødd i Alta, busett i Steindalen. Bonde og Senterparti-politikar.

Jan Jeppesen

f. 1933 i Florø. Skyttar. Vart Nordisk meister i felthurtigskyting i 1959, og beste yngre skyttar (Hagens krus/Aftenpostens sølvfat) i 1957. Far til Anne Grethe Jeppesen (sjå denne under "Kjende personar i Flora fødde år 1940-1960").

Malvin Toft

f. 1934 på Skorpa. Fiskar og lokalhistorikar. Har gjort verdfullt samlararbeid kring nyare fiskerihistorie i Ytre Sunnfjord, publisert m.a. i seriar i Firdaposten. Gav i 2002 ut boka "Båtar med sjel" (Selja forlag), og i 2003 hovudforfattar av "Havet tok" (Selja Forlag) om forlis langs kysten av Sogn og Fjordane.

Anton Bjørn Døsen

f. 1936 i Florø. Bedriftseigar og Høgre-politikar. Tillitsverv i Unge Høgre, og vararepresentant til Stortinget 1965-1969.

Bjarte Sindre

f. 1936 i Kinn. Lektor og lokalhistorikar.

Magne Føleide

f. 1937 i Måløy, busett i Florø. Lærar og friidrettsutøvar. Sjå Magne Føleide under Vågsøy kommune.

Per Indrehus

(1937 – 2004) frå Hovden, busett på Bulken i Voss. Musikklærar og komponist.

Rolf Magne Fredheim

f. 1939 i Florø, busett i Horten. Lærar og forfattar, som frå debuten i 1976 "Mi røynd" (Gyldendal) har gjeve ut i rad diktsamlingar og romanar.

Per Ytrehus

f. 1939, Ytrehus. Sagbrukseigar, fylkespolitikar (Senterpartiet) og organisasjonsmann.


Neste side:
· Kjende personar i Flora fødde år 1940-1960
Førre side:
· Kjende personar i Flora fødde år 1800-1900
Hovedside:
· Kjende personar i Flora


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no