Dei nordlegaste øyane i Flora, Batalden og Hovden, var nokre av dei viktigaste landingsplassane for norske ubåtjagarar og MTB-ar som opererte langs norskekysten under 2. verdskrig.
I Batalden låg m.a. eit stort bensinlager der krigsskipa bunkra før dei drog vestover att. Tyskarane hadde sine mistankar om lageret; var stadig på leiting, men fann det aldri.
Den 14. mars 1943 dundra ein norsk motortorpedobåt på eit skjær ved Florevika. Saman med ein annan MTB hadde den nett senka eit tysk transportskip på hamna. MTB-en kom seg ikkje av skjæret, og tyskarane gjorde ein etterretningsmessig storfangst. Mannskapet berga seg ombord i den andre båten og stakk til havs. Men den engelsk -bygde MTB-en på skjæret vart ført til Bergen og saumfaren av militære ekspertar.
Grunnstøytinga enda tragisk for to menn frå Flora: Ombord fann tyskarane namnet til
Jens Buarøy og
Hilmar Hansen skrivne på to vekeblad. Grunnen til dette var at båtane hadde lege nokre dagar kamuflerte ute i øyane før dei slo til, og her hadde mannskapet hatt kontakt med lokale folk.
Jens Buarøy vart arrestert saman med den 13 år gamle sonen Alf. Begge vart forhøyrde og torturerte ombord i den berykta svarte Gestaposkøyta. Ungguten vart etter ei stund sett fri, men faren Jens og
Hilmar Hansen frå Florø vart sende til tyske konsentrasjonsleirar, der begge døydde i 1944. (sjå elles om avrettinga av mannskapet på MTB 345 etter aksjonen mot Solund 27.juli 1945 under "
Krigshistoria i Solund").