SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora - godset på Svanøy:

Mønsterbruket Svanøy

Huset til futen vart utvida ved at andre hus på garden vart rivne og sette opp vegg mot vegg med kvarandre kring gardsplassen. (Foto: Thomas Hellum, NRK)
Huset til futen vart utvida ved at andre hus på garden vart rivne og sette opp vegg mot vegg med kvarandre kring gardsplassen. (Foto: Thomas Hellum, NRK)
Ole Torjusson Svanøe og slekta hans gjorde hovudgarden til eit mønsterbruk, m.a. med fjøs og løebygning som var uvanleg stor etter den tid, bygd 1840.

Publisert 12.02.2002 16:05. Oppdatert 24.04.2006 15:13.
Bekkar og vatn vart demde opp for å drive sagbruk og mølle. Ved sjøen bygde dei saltkokeri, båtbyggeri og store sjøbuer for sildesalting, og haugianarane var dei første som bygde saltebuer i utskjæra då vårsildfisket slo til kring Kinn tidleg på 1800-talet (sjå "Vårsild-eventyret").

Svanøy Gruver

På Svanøy vart det brote kleberstein for utskiping til Bergen, og gruvedrift på koparåra under øya starta i 1870. Dette er same koparåra som også gav grunnlag for Grimmelid Kobberværk i Askvoll. Gruvedrifta toppa seg under 1. verdskrig 1914-1918 med kring 100 mann i arbeid. Gruva gjekk konkurs i 1923 då den økonomiske krisa råka Norge. Koparmalmen på Svanøy var skrinn, og var berre lønsam å drive ut i krigs- og krisetider, då det var stor etterspørsel etter kopar.

Bu-kollektivet

Det mest synlege merke har likevel haugianarane på Svanøy lagt etter seg i sjølve hovudbygningen på storgarden. Gjennom fleire utbyggingstrinn vart det ein-etasjes huset til futen påbygd både i høgda og lengda, slik at det til sist forma fire fløyar kring eit gardstun. Mykje av denne utvidinga vart gjort ved at andre hus på garden vart rivne og sette opp vegg mot vegg med kvarandre kring gardsplassen. Dette kan ein framleis sjå ved at det er ulik høgde på golva i etasjane, og ved at det er doble tømmerveggar mellom mange rom.

Svanøya er svært grøderik.
I hovudhuset budde ikkje berre familien Svanøe: På garden og anlegga som høyrde til, arbeidde mange andre "vener". I den store bygningen budde desse haugianar-familiane i kanskje fylkets første "bu-kollektiv", med felles hushald på det meste.

Svanøe-slekta

Svanøe-slekta har eigd Svanøy Hovudgard i ubrota line frå Ole Torjusson kjøpte bruket i 1804 og fram til idag. På 1800-talet var Svanøe-folket åndelege leiarar mellom Hauge-venene i Sunnfjord, og driftige bønder og næringslivsfolk. Men fleire av dei engasjerte seg sterkt i politikk: Ole Torjusson Svanøe var stortingsmann i fleire periodar, og sonen Christoffer fylgde i fotefara til faren som stortingsmann. Andre hadde kunstnargivnad - som diktaren Endre J. Svanøe og målaren Hans Svanøe.
Slåttonn på Svanøy. Foto: Olaf A. Svanøe.

Neste side:
· Svanøy Stiftelse
Førre side:
· Haugianarane på Svanøy
Hovedside:
· Svanøy-godset


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no