|
På St. Olavskrossen på Svanøy står det med runeskrift: "Tordr let reise denne krossen..." (Foto: Thomas Hellum, NRK) |
Svanøy, ytst i Førdefjorden, er den sørlegaste øya i Flora kommune. Den er uvanleg grøderik og skogkledd til å vere ei øy så nær storhavet. Med rette har Svanøy vorte kalla "Sunnfjords perle".
Ingen stad i fylket har ei så fargerik og mangslunga historie som Svanøy - frå Eirik Blodøks og baron
Audun Hugleikson i mellomalderen, gjennom den steinrike erkebispen Svane og Bergens-borgarar som higa etter adelstitlar, til ny stordomstid under futeveldet og fram til haugianarane som gjorde øya til sentrum for verksemda si i landsdelen. Frå 1972 har Svanøy Stiftelse teke over og driv forsking og oppdrett på både hjort, fugl og fisk.
Men namnet på øya var opphaveleg Bru eller Bru-land, som seinare gav namnet til den merkeleg skapa Bru kommune frå 1923 til 1964 (sjå "
Kommunehistorikken i Flora"). Gjennom meir enn 1000 år har øya vore sete for nokre av dei mektigaste menn i Fjordane, anten det galdt verdsleg eller åndeleg makt over fjordingane.
Eirik Blodøks og Svanøy
Fornfunn viser at øya har har vore busett frå yngre steinalder, og ei bronsenål frå ei hellekiste vert datert til eldre bronsealder. Etter lokal tradisjon skal kong Eirik Blodøks kring år 900 e.Kr. ha vakse opp hos hersen Tore Roaldsson, som budde på øya. Tore skilde frå garden Erikstad til Eirik Blodøks.
|
Erikstad vart fråskilt hovudgarden og overleten til Eirik Blodøks. (Foto: Stein Magne Os, NRK) |
Frå 1100-talet var det kyrkje på Svanøy:
Bru kyrkje. Døypefonten i kleberstein frå den første stavkyrkja står no i hovudhuset på herregarden. Ei kyrkje frå 1657 vart riven i 1872, då ein bygde ny kyrkje i Stavang på fastlandet. Men på den gamle kyrkjegarden like ved Hovudgarden står framleis den over to meter høge "St. Olavskrossen" med runeskrift som fortel at ..."Tordr let reise denne krossen etter...."
Baron Audun og Svanøy
Baron
Audun Hugleikson (fødd kring 1240) frå Jølster åtte store eigedomar m.a. i Sunnfjord. Ein av desse var storgarden på øya Bru. Då Audun fall i unåde og vart avretta i 1302, slo kongen under seg eigedomane hans. I seinmiddelalder og fram til reformasjonen i 1536 kom Bru-garden under Bergen bispestol.