|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Flora: Målrørsla i FloraFlorø var ein naturleg samlingsstad då Firda Mållag vart skipa i 1899 etter opptak av m.a. Haakon Aasvejen og Elias Melvær. Melvær, som hadde drive nynorsk kveldsskule medan han var lærar ved Amtsskulen i Gloppen, vart første formann 1899-1903. Publisert 12.02.2002 11:25. Oppdatert 13.02.2002 15:11.Nynorsklosjen "Landkjenning"vart skipa i Florø 1903. Denne vart medeigar i Ungdoms- og idrettshuset Fram.
Flora mållagvart skipa 1911, og dreiv kveldssskule - "målskulen" - frå 1911 til 1913. Skulen hadde 20 elevar som fekk undervisning i 39 timar nynorsk av Anders A. Lothe og 31 engelsk.
Kinn og Flora MållagEtter ein kvilepause frå 1914 og utover vart Flora Mållag reorganisert til Kinn og Flora Mållag på 1920-talet for å ta kampen opp for nynorsk i skulane. Mållaget fekk skipa nynorsk-klassar i den elles boksmålsdominerte folkeskulen i byen.
Eikefjord innførte nynorsk i skulen så tidleg som 1907. Men bygda opplevde den hardast striden i Sogn og Fjordane om innføring av nynorske salmar i kyrkja. Den varde frå 1905 til 1917, då ein stridbar sokneprest reiste. I Kinn kommune (som då omfatta noverande storkommune minus Florø by) vart nynorsk innført i alle skulekrinsar i 1919.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|