SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora:

Florø Turn og Idrettsforening

Maratonløpet Rett Vest 1993. (Foto: Per Johan Grue, NRK)
Maratonløpet Rett Vest 1993. (Foto: Per Johan Grue, NRK)
Florø Turn og Idrettsforening (Florø Turn & IF) vart skipa 1893 som eitt av dei første i fylket.

Publisert 11.02.2002 13:38. Oppdatert 10.04.2007 11:17.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Men alt i 1862 vart Florø Skytterlag skipa. Dette laget dreiv frå tid til anna også med idrettsøvingar - sjå elles: "Idrettslag og -anlegg i Eid") skipa 1863.

Det var lærar Jon Sørensen ( sjå denne) frå Sandnes som skipa laget. Turn stod sentralt dei første åra, men også roing og turar i skog og mark var vanlege aktivitetar.
Turngruppene heldt til i ungdomshuset "Fram". Huset vart bygd i 1895 av losjane i byen, og overteke av turngruppa i 1913. Dameturn kom i gang i 1915.

Turn stod sentralt dei første åra, men også roing og turar i
skog og mark var vanlege aktivitetar. Turngruppene heldt til i Ungdoms- og idrettshuset Fram. Det første friidrettstemnet i 1894 hadde øvingane hopp, balansegang, klatring og manualløfting på programmet.

I 1907 vart Florø Stadion opparbeid, og lagshytta vart bygd i Grytadalen 1931.

Idrettshallen i Florø vart bygd i 1976 og avløyste "Fram" som treningslokale. Florø fekk storhall i 2005: Florø Idrettssenter.

FT&IF har sidan 1982 stått som tilskipar av maratonløpet "Rett Vest", og har frå 1994 arrangert det store internasjonale friidrettsstemnet Florø Friidrettsfestival.

Magne Føleide.
Fleire idrettsfolk frå Florø Turn & IF har nådd nasjonalt toppnivå - mellom desse friidrettsutøvarane Magne Føleide (sjå Kjende personar i Vågsøy fødde år 1880-1940), dottera Eli Føleide (sjå Kjende personar i Flora), Jostein Aukland og Eivind Stavang, (sjå desse under Kjende personar i Flora fødde år 1940-1960)

MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no