SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Oppdrettshistoria i Flora:

Oppdrettspionerane

Alex Vassbotten fôrar laks i mærane på Steinvik fiskefarm. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Alex Vassbotten fôrar laks i mærane på Steinvik fiskefarm. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
I Sogn og Fjordane er det Erling Osland frå Bjordal som er "gudfaren" for oppdrettsnæringa. Han starta alt på 1950-talet oppdrett av regnbogeaure i primitive anlegg, men fekk det til ved prøving og feiling.

Publisert 08.02.2002 16:33. Oppdatert 10.01.2006 10:36.
Alex Vassbotten.
I 1972 vart Svanøy Stiftelse skipa, og starta like etter oppdrett av laks og aure på Svanøy - delvis for forsking, men også for konsum. Mange av dei som seinare bygde store anlegg sjølve, som Ola Braanaas, Elin Tveit Sveen/Trond Sveen og Alex Vassbotten gjekk "læretida" si på Svanøy. Også Bernhard Underlid på Bjørset aust for Florø gjorde tidleg på 1970-talet forsøk med aureoppdrett, utan at det vart lønsam drift.

Ein annan oppdrettspionér var Erling Karstensen som starta oppdrett av laks og aure på Batalden. Han kjøpte eit eldre fryseri i Vesterålen og sette det oppatt på Holem i Batalden.

Det var først kring 1980 at oppdrettsnæringa tok til å vekse for alvor i Flora. Då starta Bergen Fiskemat lakseoppdrett i Rognaldsvåg.

Småskala distriktsnæring - eller stordrift?

Det var på denne tida at norske styremakter for alvor skjøna at oppdrettsnæringa kunne verte ei av våre viktigaste, distriktsbaserte eksportnæringar i framtida. Det vart politisk strid om konsesjonspolitikken. Skiljet gjekk etter dei same politiske grenser som m.a. striden om fossekrafta og konsesjonslovene fylgde kring 1900. Fram til tidleg 1980-tal hadde ein stort sett gjeve oppdrettsløyve til småanlegg med lokale eigarar: Oppdrett skulle vere ei typisk "attåtnæring" for utkantfolk. På Stortinget og i den borgarlege samlingsregjeringa vart det politisk strid: Høgre ynskte frislepp for både oppdrett og setjefiskanlegg, Senterpartiet på si side ville ha sterk konsesjonsregulering av begge. Det enda med kompromiss: Oppdrett vart strengt konsesjonsregulert, medan det i praksis vart frislepp for etablering av setjefiskanlegg. Resultatet vart ein enorm overkapasitet av setjefiskanlegg på kort tid, og konkursraset var uunngåeleg.

Store på setjefisk

Ola Braanaas.
Mellom dei som starta setjefiskproduksjon i denne tida, og som greidde seg gjennom krisa, var tre anlegg i Flora: Svanøy Stiftelse, som hadde produsert setjefisk ei tid. Firda Settefisk i Norddalsfjorden med Ola Braanaas i spissen, og Gudmun Strømsnes som i samarbeid med oppdrettsgründeren Kristen Strømmen (sjå "Fiskeoppdrett i Bremanger") kom i gang på Haukå. (I 1990 starta Inge Helge og Alex Vassbotten ved Steinvik Fiskefarm saman med Dagfinn Ellingsund setjefiskanlegg i Barlindbotn).

Elin Tveit Sveen.
I 1985 vart det lyst ut ein ny, stor konsesjonsrunde for oppdrett. Då starta Elin og Trond Sveen saman med Gunnar Stavøstrand Marø Havbruk på Svanøy, og Alex Vassbotten starta Steinvik Fiskefarm ved Høydalsfjorden. Svanøy Stiftelse fekk også tildelt to nye oppdrettskonsesjonar. Alle desse selskapa eksisterer framleis som sjølvstendige oppdrettsselskap. Andre oppdrettsanlegg både i Flora og elles i fylket hamna etterkvart i eit av landets største oppdrettsselskap, det Florø-baserte Go-Fish, eigd av parhestane Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas.
Steinvik fiskefarm. (Foto: Steinar Lote, NRK)

Hovedside:
· Oppdrettshistoria


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no