SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Hyllestad:

Ferdsla på sjøen i Hyllestad

Kaien på Salbu tidleg på 1900-talet. Salbu fekk såkalla stjernestogg frå Fylkesbaatane i 1905. (Foto © Fylkesarkivet)
Kaien på Salbu tidleg på 1900-talet. Salbu fekk såkalla stjernestogg frå Fylkesbaatane i 1905. (Foto © Fylkesarkivet)

Publisert 06.02.2002 10:14. Oppdatert 09.01.2004 15:27.

15 stoggestader

I Hyllestad kommune har Fylkesbaatane hatt 15 stoggestader fram gjennom tida. Både Bøfjorden med Leirvik (bilete nedst på sida) og Skivenes ute ved kystleia var stoggestader på dei første rutene til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1858.

Bråstad

på austsida av Bøfjorden vart stoggestad alt på den første Sogneruta til Fylkesbaatane i 1858. Herfrå kunne folk fraktast inn til Leirvik. Dette var tungvindt, og i 1868 kravde kommunestyret at dampskipa skulle gå inn til Leirvik (sjå Johan Henrik Frantzen Wolff).

Skivenes

ute ved kystleia kom med som stogg på dampskipsruta til Fjordane i 1859. I 1913 vart ekspedisjonen på Skivenes flytta til Bånes, som hadde rutestogg til 1920-talet.
Kaien i Sørbøvåg i 1932. (©Fylkesarkivet)

Sørbøvåg

fekk rutestogg av Fylkesbaatane nokre år før 1871, då bygda fekk eige postopneri.

Storakersundet

fekk stjernestogg i 1877.

Lifjorden

fekk rutestogg i 1882 – først i Risnesstraumen, seinare i Listraumen.
Kaien på Hyllestad før 1930. (©Fylkesarkivet)

Kommunesenteret Hyllestad

fekk Fylkesbaat-ruter i 1871. Bygda hadde anløp heilt til 1964.

Salbu

fekk stjernestogg i 1905 og fast stogg frå 1912 (sjå bilete øvst på sida - og Andreas Gjertsen).

Brensdal

fekk stjernestogg i 1906.

Motorbåtrute

vart starta mellom Eivindvik i Gulen og Askvoll i 1930. På denne ruta vart Eide stoggestad.

Lokalt reiarlag dreiv rutetrafikk

Aksel Mathias Hatlem og Kristoffer Salbu starta i 1934 eit lite reiarlag som dreiv fraktebåtar og rutetrafikk m.a. til Bergen.

Bitter strid om Rysjedalsvika.

Kaia og ferjeleiet i Rysjedalsvika vart opna i 1966 etter langvarig og bitter strid.
Leirvik sentrum i 1915 med anløp av Fylkesbaatane. (Foto © Fylkesarkivet)

MEIR OM HYLLESTAD 
Hyllestad kommune

 
Aviser og media i Hyllestad
Historia i Hyllestad
Industri og næring i Hyllestad
Kjende personar i Hyllestad
Kommunehistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Hyllestad
Kraftforsyninga i Hyllestad
Kyrkjer i Hyllestad
Samferdsle i Hyllestad
Skular i Hyllestad

 
Lyd frå Hyllestad
Video frå Hyllestad
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no