Koparen på Svanøy skriv seg frå den same koparåra som ein kan finne att sørafor fjorden ved Flokenes, Vågane og Grimelid. Åra viser seg i Askdalen ved Askvoll og kjem att ved Gjervik på Atløy. På sørsida av Vilnesfjorden finn vi den att ved Hellevik, vidare til Folkestad, og den endar ved Skifjorden i Hyllestad. Her på sørsida av Vilnesfjorden er malmen blanda med titanmalm.
Eksport til England
På Svanøy starta gruvedrifta på 1870-talet i eit område som ligg nordaust for vågen nedanfor Svanøy hovudgard. Gruveselskapet heitte Svanø Kiskruber. I 1883 vart det brote ut 2000 tonn malm frå gruva og eksportert til England. I 1910 tok selskapet Svanøy Gruber A/S over drifta. Bak selskapet stod for det meste forretningsmenn i Bergen.
Berre lønsam i krig og krise
Selskapet hadde over 100 tilsette under stordrifta kring 1. verdskrig, men gjekk konkurs i 1923. Koparmalmen på Svanøy var skrinn med ein svært stor prosent svovelkis. Den var difor berre lønsam å drive ut i krigs- og krisetider, då det var stor etterspørsel etter kopar og gode prisar.
|
Landhandelen til Mellingen på Svanøy starta som butikk i tilknyting til Svanøy Gruver. (Foto: Thomas Hellum, NRK) |
Eigen butikk
Gruveselskapet hadde m.a. eigen butikk som etter konkursen i 1923 vart teken over av butikkbetjenten Gustav R. Mellingen. Han var også dampskipsekspeditør på øya. Landhandelen på kaia vart overteken av Mellingens søstre.
Inne i skogen kan ein framleis sjå ruinane etter heisetårn og knuseanlegg frå gruva, og ei badestrand nedanfor er i hovudsak bygd opp av slagg frå den gamle koparkisgruva.
Gruveselskapet hadde eigen landhandel
Gruveselskapet dreiv også ein eigen landhandel ved kaia på Svanøy i dei beste driftsåra. Etter konkursen i 1923 tok butikkbetjenten, Gustav R. Mellingen, over drifta av landhandelen. Han var også dampskipsekspeditør på øya. Gustav overlet drifta til sonen Johan Mellingen i 1963. Han dreiv til 2000 då søstrene hans, Astrid og Karen Mellingen, tok over og dreiv i to år før dei overlet butikkdrifta til Svanøy Stiftelse. I 2007 vart butikken utvida med nybygg.
Les meir om gruvedrifta under "
Mønsterbruket Svanøy".