|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samleside: KONGEBESØK I SOGN OG FJORDANE GJENNOM TIDENE |
- deltok i slaget ved Fimreite i 1184.
Kong Olav Tryggvasonsamla i 997 bønder frå Sogn til Romsdal på Dragseidet som tjodveg, der dei vart tvangs-kristna.
Kong Oscar IIvitja Leikanger i 1879. Vitjinga i Sogn var ein lekk i ei vestlandsreise der kong Oscar kom frå Voss til Gudvangen og reiste med båt ut fjorden der han vitja Leikanger og Fjærland, der kongen og fylgjet reid på hest til Bøyabréen. Kongen avslutta reisa gjennom fylket i Lærdal og Borgund.
Kong Christian Vvitja Eivindvik i 1685.
Kjende personar i Askvoll: Kong Fredrik IVgjesta Askvoll i 1704 på ei reise frå Bergen til Trondheim.
Kjende personar i Bremanger kommune: Christian Vovernatta på skysstasjonen i Smørhamn i 1685 i samband med ei reise mellom Trondheim og Bergen. Han vitja på same tida futegarden på Fure. (Sjå Kongevitjingar i Fjaler.)
Kjende personar i Stryn: Kong Oscar den 2.vitja indre Nordfjord i 1896 med panserskipet ”Heimdal”. M.a. var han til gudsteneste i den gamle Olden-kyrkja, og vitja Briksdalsbreen. Han reiste òg med båten ”Fridtjof Nansen” til Hjelle i Oppstryn. Han overnatta på Hotel Central på Visnes, der ein av salane deretter vart kalla ”King Oscars Hall”.
Kjende personar i Solund: Harald Hardrådeskal i 1066 ha samla hæren sin i Solund før han sette over havet og enda sine dagar i slaget ved Stamford Bridge.
Kong Olav den 5.gjesta som kronprins Sandane i 1933 saman med kronprinsesse Märtha i samband med ei rundreise i fylket: Stryn, Gloppen, Høyanger, Leikanger, Kaupanger, Lærdal. Han gjesta også Sandane i samband med 100-årsjubileet til Fylkesbaatane i 1958, og reiste gjennom kommunen i 1980 i samband med ei privat gjesting til Briksdalsbreen.
FLERE SAKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|