I 1875 vedtok fylkestinget å skipe amtsskular.
I 1876 kom den første amtsskulen i drift på Apalset i Gloppen (sjå
Gloppen kommune), etter at denne kommunen vann tevlinga med Kinn, Stryn og Eid om å bli vertskommune. Nordfjordingane argumenterte m.a. med at Sunnfjord nyleg hadde fått
Mo Jordbruksskule i Førde og skulle få husmorskule i Holmedal (sjå
Skular i Askvoll). No var det Nordfjord sin tur.
Florø vann
Men alt året etter vedtok fylkestinget å skipe amtsskule i Sunnfjord. Denne kom i gang i Florø hausten 1877.
Ein markant skulestyrar dei første åra var Elias M. Hole frå Sykkylven, som i tillegg til rektorstillinga ved amtsskulen m.a. var ordførar, banksjef og redaktør.
Flytta til Førde
Frå 1886 til 1891 heldt amtsskulen til i Førde. Og medan skulen var der, tok like godt redaktør Hole med seg avisa si "Nordre Bergenhus Amtstidende" dit (sjå
Aviser og media i Førde) og trykte og gav ho ut frå Førde.
På grunn av ei ny skulelov og nye statlege tilskotsordningar vart amtsskulen for Sunnfjord nedlagd i 1891 medan han var i Førde. Amtsskulen for Nordfjord, som då heldt til i Innvik (sjå
Stryn kommune), fekk halde fram ei tid.
Nådetid
Men skulen i Florø fekk likevel ei ny nådetid nokre år: I 1892 skulle fylkestinget avgjere stadvalet for den eine amtsskulen som Fjordane skulle få ha att etter at statstilskota hadde skrumpa inn. Valet stod mellom Eid og Florø, og Florø vann. Amtsskulen vart verande i Florø til 1900, då den vart flytta til Nordfjordeid, der kommunen lokka med nye skulelokale. Der vart fylkesskulen etter nokre år ført vidare som
Fjordane folkehøgskule.
Men også i Florø vart det frå 1921 drive ein fylkesskule, men denne er betre kjend som
Fiskarfagskulen i Florø.