SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Flora:

Florø hamn

Fylkeskaia i mars 1965. På kaia står ei last med fôr til buskapane på øyane. (Foto © Fylkesarkivet)
Fylkeskaia i mars 1965. På kaia står ei last med fôr til buskapane på øyane. (Foto © Fylkesarkivet)
Den gode hamna på Florevika - i ly bak Florelandet - var avgjerande for at Florø by vart grunnlagd der i 1860. Hamna låg like ved kystleia og passe nær til dei rike sildefiskeria kring Kinn.

Publisert 23.01.2002 12:26. Oppdatert 16.04.2007 12:09.
På same vis som Måløy på slutten av 1800-talet avløyste Vågsvåg og Torskangerpollen som fiskerihamn, vart aktiviteten flytta inn til Florø frå dei små fiskeværa på Kinn, Batalden og Rognaldsvåg som låg lengre vest: Kring 1900 vart nemleg robåtar og seglskøyter avløyste av fiskedampskip og motorbåtar i dei norske fiskeria. Ei trygg og god hamn vart viktigare enn kort utror til fiskefelta når motoren no kunne gjere jobben. Motorskipa kravde dessutan større hamn og tilgang til slippar og motorverkstader.

I 1865 vart hamnestellet organisert med eigen hamnefut. Den første var Jens Bloch Helmers frå 1865 til 1898.

Florø hamn har i dag stor trafikk av lasteskip og oljeforsyningsbåtar, og oljebasen på Botnaneset er såkalla Eurohamn for røyr til oljeindustrien.

Amtskaia

(Fylkeskaia) midt i byen vart vedteken bygd i 1877 og påbygd fleire gonger seinare for å kunne tene som ekspedisjonskai for Fylkesbaatane. Fram til kaia vart bygd, hadde Fylkesbaatane (sjå Skiping av Fylkesbaatane 1858) vorte ekspederte frå robåt ute på Florevika. Fylkesbaatane nytta kaia fram til dei flytta til Fugleskjærskaia midt på 1960-talet.

Det gamle ekspedisjonsbygget på Fylkeskaia er idag restaurert og nytta til ungdomsklubben "Haffen".




MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no