|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Lærdal: Lærdalsøyri som verneområde | Lærdalsøyri. (Foto: NRK) |
I samband med utgreiinga om bystatus for Lærdalsøyri i 1842 vart det utarbeidd reguleringsplan for øyra heilt frå sjøkanten og 500 meter austover. "Byen" vart då regulert som kvadratur med snorrette gater. Innanfor dette området ligg ein stor del av den gamle busetnaden framleis bevart, særleg langs Øyragata. Publisert 23.01.2002 10:16. Oppdatert 26.02.2002 12:29. | 161 hus på Lærdalsøyri er verna. (Foto: Arild Nybø © 2002) |
Den gamle busetnaden frå Løytnantsbryggja og austover er verna. Ialt 161 hus på Lærdalsøyra er verna, og ved sida av Bergstaden Røros er Lærdalsøyri eit av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er teke vare på i Noreg.
Første opptaket til vern av gamle Lærdalsøyri vart gjort av Riksantikvaren i 1955. På slutten av 1960-talet tok ein for alvor fatt på vernearbeidet, leia av arkitektane Jon og Claus Lindstrøm. Eit av dei viktigaste tiltaka for vern, var å få lagt riksvegen utanom sentrum.
To av husa i verneområdet er freda, og eit av desse, "Per Lems-loftet" i Ørnevegen, er bevart i si opphavelege form. Det syner at det var sjøbu i første og bustad i andre etasje, slik fleire av husa langs den gamle sjøkanten vart nytta på 1800-talet.
Langs Øyragata har husa framleis namn etter dei som har budd der - t. d. "Minar-huset" som fekk namnet då huset var eigd av Henrik Anderson - kalla "Minar-Henrik". Andre døme er "Petter i Podl-huset", "Tadle-Berta-huset" osb.
| Skomakar Gullak Halvardson Hovland med familien framfor skomakarverkstaden i Minarhuset i Øyragata 10 i 1899. I andre delen av huset heldt ein urmakar til. Huset vart bygd kring 1890 av Hovland. (Foto © Fylkesarkivet) |
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|