Lindstrømbui
Landhandelen Lindstrømbui heldt til ved den gamle busshaldeplassen frå starten i 1849 og til den flytta inn i nybygget i 1968. Arne Tønjum var butikkbetjent på Lindstrømbui i 40 år frå 1948. Jørgen Christian Lindstrøm dreiv sjølv kafeteria og daglegvarehandel i nybygget i fleire år (sjå "
Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm"). I år 2001 er det Kiwi-kjeden som driv butikken.
Gamlekremmaren
Håkon Olsson Kvamme starta landhandel på Berge i Borgund i 1866. Han starta først i eit kammers hjå lensmannen, men bygde i 1868 eige hus på Berge. Håkon gjekk under namnet "Gamlekremmaren". Sonen Ola tok over i 1907, og bygde ny forretning på Fjellheim. Frå 1928 dreiv dei også med losji og matservering. Tredje generasjon, Håkon O. Kvamme dreiv frå 1934 til 1940. I 1952 opna kona Marit kafe som ho dreiv til 1976.
Lærdal Opne Handelslag
vart skipa i 1908, då laget kjøpte landhandelen "Hellandsbui" i Øyregata av
Knut Knutson Helland.
Landhandlar på Ljøsne
Ole B. Lysne starta landhandel på Ljøsne i 1908, som han dreiv til 1922, då det vart filial for samvirkelaget. På Ljøsne låg også O.O. Lysne landhandel.
Borgund Samvirkelag
på Steinklepp, vart skipa i 1921. I tillegg til å drive assortert handel, tok samvirkelaget også imot og omsette geitost og andre landbruksvarer frå bøndene. Tidleg på 1950-talet bygde samvirkelaget ny forretning. I 1995 vart Borgund Samvirkelag slege saman med Årdal Samvirkelag. I samband med storfusjonen i år 2000 av samvirkelaga i Indre Sogn og Voss til COOP Indre Vestland, vart avdelinga i Borgund nedlagd. Grethe Kleppe og Arne Kvamme tok då over, og driv i 2001 forretninga under namnet Borgund Nærbutikk.
Lærdal Samvirkelag
vart skipa på Lærdalsøyri i 1921, og heldt fram til 1934 til i leigde lokale. Då vart huset til Ørens Meieri kjøpt av eit eigedomsselskap som kalla seg "Huslaget Samhald", og her leigde samvirkelaget seg inn. Dei heldt til i "gamlemeieriet" fram til laget vart slege saman med Sogn Samvirkelag, då det vart bygd ny stor forretning i sentrum av Lærdalsøyri. Sogn Samvirkelag gjekk i 2000 inn i COOP Indre Vestland.
Ljøsne Samvirkelag
vart skipa 1922 som eit framhald av Ole B. Lysne si forretning (sjå denne lenger oppe på sida) og dreiv fram til 1939 som filial under Lærdal Samvirkelag. Laget bygde eige forretningsbygg i 1936 . Ljøsne Samvirkelag hadde bensinstasjon, og bygde 1949 eige kjølelager med utleige av fryseboksar til kundar. Dette dreiv mange forretningar med før hushaldningane sjølve skaffa seg eigen fryseboks. I samband med storfusjonen i år 2000 av samvirkelaga i Indre Sogn og Voss til COOP Indre Vestland vart avdelinga på Ljøsne nedlagd. Ansgar Brugrand tok over, og driv forretninga vidare under namnet Ljøsnebui AS.
Karl H. Tønjum
starta landhandel på Tønjum i 1929. Butikken vart lagd ned i 1971.