|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Lærdal: Kappestrid om rutedriftEtter den første skepsisen mot bilane, gjekk det ikkje lenge før det nærmast vart kappestrid mellom tidlegare skysskarar om å starte bilselskap. Publisert 14.01.2002 14:57. Oppdatert 31.01.2002 12:25.Dei såg at den langsame hesteskyssen si tid var omme, og no galdt det å "posisjonere" seg for ei ny tid.
I 1914 gjorde hotelleigar Anders Maristuen opptaket til skiping av eit bilselskap som skulle trafikkere over Hemsedalsfjellet til Gol. Selskapet fekk namnet A/S Trygg, og trafikkerte berre strekninga frå Borgund til Gol.
I 1918 dukka det opp to nye selskap som hadde planar om rutebiltrafikk på heile strekninga frå Lærdal til Gol: A/S Lærdal Automobilselskap, og A/S Gol Automobilselskap på andre sida av fjellet. Dei to selskapa fann det fornuftig å samarbeide om rutedrifta.
- Og som om ikkje dette var nok: Endå eit selskap - Fram A/S - kasta seg inn i rutebilkrigen på Hemsedalsfjellet. Med 5 rutebilselskap i eit avgrensa område vart det krangel og kamp, og fleire gonger måtte styremaktene gå imellom og rydde i rutekaoset. I 1924 skjedde ei storopprydding ved at selskapet Trygg, Lærdal Bilselskap og etterkvart Gol Automobilselskap vart slegne saman til Gol-Lærdal -Maristubilene. Også eit par lastebilselskap, Maristuen Lastebil (skipa 1920) og Schelderup Jansens lastebil (skipa 1923) gjekk inn i selskapet. A/S Beltebilene vart skipa i 1931 og dreiv passasjertrafikk vinterstid over det ubrøyta Hemsedalsfjellet til 1942. Dette selskapet gjekk etter ei tid også inn i Gol-Lærdal-Maristubilene som eksistere heilt til 1982, då det gjekk inn i Sogn Billag.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|