|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Lærdal: KoksvogneneSjølv om reisande hadde prøvd seg med større vogner opp dalen tidlegare, var det først ved omlegginga av vegen i Sæltåsen i 1875 at det var mogeleg å gje turistar og andre reisande komfortabel skyss over Filefjell. Publisert 14.01.2002 14:25. Dei to internasjonale reisebyråa Bennet og Cooks tok det meste av trafikken. Dei kunne by turistane luksuriøse kalesjevogner med mjuke skinnsete. Vognene til Cooks vart på folkemunne kalla "koksvogner".
I tillegg starta Staten frå 1876 ei dagleg diligencerute Lærdal-Valdres-Odnes om sommaren. Både reisebyråa og Staten hadde eigne kuskar, medan skysstasjonane heldt hestar. På stasjonane bytte ferdafylgjet til utkvilde hestar.
Etterkvart skaffa skysskarane sjølve fine vogner og konkurrerte ut dei store reisebyråa. Det engelske selskapet Cooks heldt det gåande i Lærdal til 1904, då dei selde vognene sine på auksjon. Men mellom dei lokale skysskarane vart det beinhard konkurranse: På dampskipskaia i Lærdal nærmast kasta dei seg over turistane for å få skyssoppdrag, og fleire reiste heilt til Gudvangen for å "kapre" turistar på veg mot Lærdal.
Men frå 1910 gjekk det raskt nedover med hesteskyssen. Automobilen tok over, og etter at den første skepsisen og motstanden hadde lagt seg, parkerte mange vognmenn kalesjevogna og kjøpte bil. Ein av dei var Tomas Sølfestsen på Lærdalsøyri. Han hadde drive som vognmann heile livet. I ein alder av 60 år tok han sertifikat og kjøpte bil i 1917. Ein epoke var slutt både for Tomas og bygda.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|