|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vågsøy: Variert drift og storkonsern | Domstein i Måløy har vakse til å bli eitt av dei største fiskerikonserna i verda. Dette er det gamle anlegget i Måløy sentrum. (Foto: NRK) |
Fram til 1980-talet var fiskeindustrien i Måløy i stor mon basert på fiskeråstoff med store sesongsvingingar i leveransane: Sild, makrell, rundfisk, lodde osb. I lange bolkar av året var det minimal aktivitet på mange anlegg. Publisert 07.01.2002 09:55. Oppdatert 10.11.2003 12:40.Frå 1980-talet og framover har difor Måløy-industrien satsa medvite på ei sterkt variert drift gjennom heile året, basert på jamn råstofftilgang frå oppdrett og fiske i Nordsjøen og fjerne farvatn som Barentshavet og kring Svalbard. Strategien er å sikre kundane jamn tilførsel av alle typar fiskeprodukt gjennom heile året.
| Ringnotsnurpar legg til ved Brødr. Myhre for å losse. (Foto: NRK) |
Ved tusenårsskiftet er fiskeindustrien i Måløy dominert av to av dei største fiskerikonserna i verda: Pan Fish med Bryggja-mannen Arne Nore i spissen, og Domstein-konsernet, med hovudsete i Måløy. På litt ulikt vis, baserer begge seg på å vere såkalla ”full-integrerte selskap” – dvs. at dei kontroller heile prosessen frå fiskebåt og fôrproduksjon, til foredling og salsledd i verdsomspennande kjedar.
| Fisken blir sortert på samleband før den blir pakka i kasser og sendt vidare. (Foto: NRK) |
I motsetning til mange andre, har det heilt sidan tidleg 1900-tal, vore ein styrke for Måløy-samfunnet at det er bygd produksjonsanlegg som kunne nytte seg av heile fisken, ikkje berre fiskekjøtet: Trandamperi og fôrmjølfabrikkar vegg i vegg med filetfabrikkane har teke seg av ”avfallsprodukta”.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|