SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vågsøy:

Ny epoke då vintersilda svikta

Makrellfiske i Nordsjøen. (Foto: NRK)
Makrellfiske i Nordsjøen. (Foto: NRK)
I 1958 svikta vintersilda, og ”sildeeventyret” var slutt. Då storsilda svikta, fekk sildoljeindustrien råstoff frå sildefisket på Island, og frå midten på 1960-talet frå det nye snurpefisket etter sild og makrell i Nordsjøen.

Publisert 07.01.2002 09:55. Oppdatert 14.05.2004 11:59.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Den nye vinsjen førte til at ein del båtar kantra.
Ringnotbåtane vart då utstyrte med den nye innhalingsvinsjen kraftblokk. Det uvande utstyret på relativt små snurpebåtar førde til at fleire fiskebåtar m.a. frå Vågsøy kantra og forliste under dette kraftblokk-fisket.

Pigghåfisket

Men for fiskeflåten i Vågsøy vart det først og fremst pigghåfisket på dei norske bankane og ved Shetland som berga både dei og fiskeindustrien i Måløy då storsilda svikta kring 1960. Frå Måløy hadde det vore drive eit omfattande pigghåfiske heilt frå 1920-talet også, men frå 1960-talet gjekk det føre seg i fjernare farvatn.

Sesongfiske

Fisket gjekk sesongvis også føre seg i Skagerak og Oslofjorden, men frå midten av 1960-talet i hovudsak kring Shetland, Orknøyane, Hebridane og Rock All. Hovudmarkedet for pigghå var no som i mellomkrigsåra Storbritannia. Måløy-flåten fiska sesongvis også rundfisk (lange og brosme) på dei same bankane. Banklinebåtane fekk på denne tida innebygde egnehus bak, og halvt overbygde dekk framme.

Kjell Elde vann NM i pigghåflåing. (Foto: NRK)

NM i skinning

I Måløy gav pigghå-skinning sesongarbeid til mange hundre menneske frå heile Ytre Nordfjord. Sesongarbeidet høvde m.a. godt for bøndene.

Akkord-arbeidet gjekk lynraskt unna: I eit Noregsmeisterskap i pigghåskinning i 1981 skinna Kjell Elde frå Måløy 100 fiskar på 18 min. og 27 sekund – d.v.s. 11,7 sekund pr. pigghå! Elde kunne flå skinnet av 2.800 pigghåar pr. dag!



Stor omlegging

Lossing av makrell. (Foto: NRK)
Jon Skaar jr. i Skaar & Co og Knut Domstein i R. Domstein A/S stod sentralt i den omlegginga som Måløy-industrien gjorde frå starten av ”pigghå-epoken” på 1960-talet gjennom omlegginga til sild- og makrell frå Nordsjøen og klippfisk som hovudprodukt frå 1970-talet og inn i glanstida for laksenæringa, som starta for alvor på 1980-talet.

Nye fryseanlegg

I stordomstida for pigghåfisket på 1960-1970-talet, vart det bygd ei rad avanserte fryseanlegg i Måløy som heldt temperaturar på minus 30-40 grader Celsius. Då Japan opna seg som ein stor marknad for makrell kring 1980, vart desse fryseria Måløys store konkurransefortrinn: Ingen i Noreg kunne tilby tilsvarande frysekvalitet på makrellen som Måløy-bedriftene.

Neste side:
· Variert drift og storkonsern
Førre side:
· Sildeeventyret i Vågsøy på 1950-talet


MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no