SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Solund:

Landnotfisket i Solund

Landnotfiske på Buskøy i 1915. (Foto © Fylkesarkivet)
Landnotfiske på Buskøy i 1915. (Foto © Fylkesarkivet)
Eit særmerke med fiskeria i Solund er landnotfisket etter sild. Mest kvart einaste gardsbruk hadde sildegarn eller part i ei sildenot med tilhøyrande båtar. Dei som hadde eigedomsretten over ein god kastevåg, vart velståande folk.

Publisert 07.01.2002 09:14. Oppdatert 12.08.2002 10:03.
Sildefiske med landnot nådde høgdepunktet mellom 1808 og ca. 1870, men fiske-metoden var brukt heilt fram på 1950-talet.

Bygde store hus for sildepengar

I siste halvdel av 1800-talet kom det på moten å byggje store, nye våningshus i to etasjar i Solund. På denne måten kappast folk om å vise rikdomen som sildefisket hadde skapt! Alle to-etasjes hus frå denne perioden er bygde for "sildepengar"! Eit typisk "skrytehus" frå denne tida er det store våningshuset i Rånøy.

Utvær vert senter for sildefisket

Utvær.
Mellom 1808 og 1828 kom hovudinnsiget mellom Bergen og Utvær, og frå 1815 til 1830 skriv amtmannen at fisket kring Utvær var det viktigaste fisket langs kysten av Sogn og Fjordane.
I 1869 er det registrert 404 sildefiskarar i kommunen - dvs. at samtlege vaksne menn i arbeidsfør alder - med unntak av to - deltok i fisket! På 1800-talet vart det stor tilflytting frå indre Sogn og Sunnfjord til Sulen. Folketeljingane viser at det i 1891 var dobbelt så mange fiskarar som bønder. Likevel må vi rekne med at det heile tida låg ein "blandingsøkonomi" bak desse registreringane, slik at dei fleste registrerte "bønder" deltok i sildefisket i sesongen.
Elles var det svært mange sulingar som drog til Møre på torskefiske på slutten av 1800-talet. I 1885 er det registrert at 168 sulingar med kring 28 båtar deltok i fisket der.

Sulingar flyttar til Nord-Noreg

Sild.
Vårsildfisket ved Utvær og kring Kinn tok slutt kring 1870, men vart avløyst av rimeleg bra år med vintersild for Solund sitt vedkomande. Kring Florø vart det derimot smalhans og naudsår (sjå "Kriseår og naudhjelp").
På 1870-1880-talet vart mange sulingar leigde som notbasar på feitsildfisket langs Nordslands-kysten. Mange sulingar flytta nordover for godt. Ei teljing viser at det mellom 1860 og 1894 flytta 70-80 sulingar til Nord-Noreg. Denne flyttinga nordover var like stor som emigrasjonen frå Solund til Amerika i same perioden. Ofte er det heile syskenflokkar som flyttar, slik det gjerne også var når folk reiste til Amerika.

Kjempefangstar i sildevågane

Kast etter sild i Ytre Sula på slutten av 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Første del av 1900-talet kom fleire gode sildeår, og i dei gamle sildevågane kunne ein heilt fram til krigsåra under andre verdskrig gjere eventyrlege kast:
I 1930 vart enorme mengder sild stengd inne på Vågane. Bygdefolk auste opp sild i vekesvis, men måtte sleppe mykje ut att. Likevel var fangsten 56.000 hektoliter.
I 1933 vart det teke 30.000 hektoliter i Vågane.
I 1944 vart det teke opp 28.000 hl.
I heile ytre Solund var det 130 sildenotlag. Jamnt over var det 7 mann på kvart lag. Nautøy var rekna for ein av dei beste kasteplassane i Solund. I 1936 stengde dei tilsaman 40.000 hektoliter sild på øya. Ved å stengje av Rørdalsfjorden kasta ein 58000 hektoliter.
1944 vert rekna som det siste store "landnotåret" i Solund, og etter krigen vart mange landnøter selde. Dei to siste nøtene eksisterte til 1977.


MEIR OM SOLUND 
Solund kommune

 
Historia i Solund
Industri og næring i Solund
Kjende personar i Solund
Kommunehistoria i Solund
Krigshistoria i Solund
Kyrkjer i Solund
Samferdsle i Solund
Skular i Solund
Verd å sjå i Solund

 
Lyd frå Solund
Video frå Solund
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no