Kvar fredag i seks veker framover, får Arne og Erik sin nabo verkeleg oppleve kva kreativiteten til ungar kan føre til. Dette handlar om galskap framført med det språket ungar i distriktet bruker.
Dersom andre ungar let seg inspirere, tek ikkje NRK på seg ansvaret for kva dei måtte finne på.......
Serien er produsert ved NRK Sogn og Fjordane og vert sendt i vanleg Barne-TV-tid, kl. 18.30 fredagane frå 3. jan og seks veker framover. Serien var første gong sendt i januar 2002.
Hovudrollene vert spelte av Arne og Erik Henden Aaraas, og den sinte naboen av Fridtjof Urdal. Serien om Erik og Arne er laga av Asle Veien. Musikken er skriven og vert framført av Øyvind Lyslo.
Del 1
Erik og Arne legg ei prompemaskin under stolen til naboen Nils ein gong han har ei jente på kaffibesøk.
BarneTV del 1
Del 2
Erik og Arne prøvar å lure naboen med det klassiske lommeboktrikset. Men endar sjølv opp med å bite i det sure eplet.
BarneTV del 2
Del 3
Erik og Arne har kjøpt ei fløyte dei set i eksosrøyret på bilen til naboen, slik at den lagar ulydar.
BarneTV del 3
Del 4
Erik og Arne sprutar med vassgeværet sitt på dei vaksne, men naboen Nils tek hemn.
BarneTV del 4
Del 5
Ved hjelp av ballongar og spikar lagar gutane høge smell på doen på handlesenteret. Men naboen tek som vanleg hemn.
BarneTV del 5
Del 6
Gutane bruker fiskesnøre, harpiks og ein kork for å lage merkelege lydar i huset til naboen Nils.
BarneTV del 6