Den første fisketilverkaren i Måløy –eller Skramsbygda som det heitte då – var Stavanger-mannen Joh. Henrik Olsen.
Eitt av pionér-selskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane.
|
Lem-buda og Ruth II. (©Fylkesarkivet) |
Fiskedampskip
I 1899 kjøpte handelsmann
Ulf Lem i Måløy fiskedampskipet ”Ruth”. Aktieselskabet "Forsøg" med base i Måløy kjøpte også eit fiskedampskip i 1899.
Dei to brørne frå den einbølte bygda Vetvik på vestsida av Bremangerlandet kom til Måløy i 1899 og vart fiskeripionérar og store fiskehandlarar.
Kjøllesdals Fiskeriselskab
kjøpte like etter 1900 fiskedampskipet ”Skjold”. Ein av mennene bak dette selskapet var
Ole Kr. Lefdal. Selskapet vart oppløyst 1911, og sjøbuda i Måløy overteken av kjøpmann
Lars P. Lefdal, som igjen selde vidare til
Andreas Osmundsvåg.
vart starta på Trollebø i 1904.
sjå
Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S .
Grunnlagt 1907 av Andreas Osmundsvåg. Dreiv fiskeeksport, trandamperi og fiskebåtreiarlag.
Grunnlagt 1910 av
Hans Søreide og
Anton Lien. Frå 1913 kom
Ole Kr. Lefdal inn som kompanjong.
Firda Canning Co
i Måløy vart grunnlagt 1913 av
Audun Lem og
Hans Søreide. Seinare overtok Audun Lem som eineeigar. Firda Canning Co vart bygd ut til ein av dei store hermetikkfabrikkane på Vestlandet, med opptil 120 tilsette. Dreiv sildesnurparane”Lyn” og ”Lull”. Desse vart seinare avløyst av ein større kraftblokksnurpar ”Lem Senior” på 1960-talet. Firda Canning Co er framleis eigd og drive av Audun Lem sine etterkomarar.
|
Firda Canning. Foto:Ottar Starheim |
Grunnlagt 1915 av Jon Skaar sr. i kompaniskap med Thorolf Tonning.
A/S Fiskekjøling
Eit Bergens-firma bygde A/S Fiskekjøling i 1916 på Raudeberg. Dette var eit fryseri som vart avvikla i 1918.
Statt Canning
- sjå
Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S.
J.L. Eltvik Fiskeforretning
grunnlagt 1918 av Johan L. Eltvik frå Stadlandet. Bygde sjøbu med fiskemottak 1918, og 1919 forretningsbygg med daglegvarehandel, manufaktur og sko ved Gate 1. Kjøpte fiskebåten ”Onyx” 1931, ein av dei store Måløy-snurparane i sildeåra på 1950-talet. Dreiv også fraktebåt ein kort periode etter krigen.
Berg A/S
på Raudeberg, grunnlagt i 1920 av Otto og Andreas Berg. Dreiv dampskipsekspedisjon, landhandel og fiskeforretning med eksport.
vart grunnlagt i 1922. På 1950-talet vart anlegget bygd ut til det største produksjons- og fryserianlegget for sild og fisk i Måløy.
Nordfjord Preserving Co
skipa 1925 - sjå
Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S.
fisketilvirking i Måløy vart grunnlagt 1925 av brørne Peder, Ingolf og Kristoffer A. Tennebø.
|
(Foto: NRK) |
Brødrene Myhre
grunnlagt 1925 av Andreas Myhre. Fiskemottak og -eksport, med stort produksjonsanlegg i Måløy. Spesialisert på sild og makrell.
grunnlagt av brørne 1926. Bygde stor sjøbu og fryseri i Måløy, der dei dreiv mottak av sild og fisk, landhandel og skipshandel.
J. Myrestrand
var ei vidareføring av
Ulf Lem sine anlegg i Måløy. Lem grunnla verksemda i 1882, og i 1928 kjøpte Johannes Myrestrand sjøpakkhus og dampskipskai. Dei siste 10-åra har familien brukt den sentrale eigedomen m.a. til bensinstasjon.
Grunnla i 1928 eit stort fiskerianlegg på Vågsberget.
klippfisk- og tørrfiskproduksjon på Raudeberg. Grunnlagt 1928 av Edvard Kvalheim og Daniel Vedvik.
Einar Gotteberg
grunnla 1928 sild- og fiskeforretning i Måløy. Bygde på 1950-talet stort fryseri på Gotteberg. Fiskebuda vert idag nytta som utdanningssenter i fiskerifag og tryggingsopplæring. Bygningen er no eig av Arne og Øyvind Sølvberg.
Laurits A. Sjong frå Valderøya ved Ålesund kjøpte i 1932 den store fiskebåten "Eystein".
vart grunnlagt i 1936 av Olaf Barmen frå Barmøy og Harald Sætren frå Måløy.
grunnla i 1937 klippfisktørkeri i Røysa på Raudeberg.
i Deknepollen vart grunnlagt 1942 av Gerhard Voldnes frå Fosnavåg.
Alex Refvik
på Raudeberg vart grunnlagt 1945 av Alex Refvik. Dreiv først produksjon av fiskemat. Deretter saman med Ernst Halsør i Halsør og Refvik A/S (sjå nedanfor). Bygde seinare eige klippfisktørkeri, som i 1979 vart overteke av Domstein-gruppa.
Halsør Exportco A/S
klippfisktørkeri på Raudeberg. Grunnlagt 1952 av Ernst Halsør, som ei tid dreiv i kompaniskap med Alex Refvik under namnet Halsør og Refvik A/S. Skifta namn til Halsør Exsportco då Refvik trekte seg ut av selskapet. I 2004 vart selskapet lagt ned og bygningane selde til Maritim Næringspark AS, eit dotterselskap til fiskeriselskapet
Carisma Fish AS.
Selstad AS
grunnlagt 1953 av brørne Harald og Alf Selstad. Sal og vedlikehald av reiskap til fiskeflåten og oppdrettsnæringa. Hovudanlegg på Moldøen i Måløy, med avdelingar i Båtsfjord, Tromsø, Svolvær, Ålesund, Solund og Skagen (Danmark). Hadde i 2001 tilsaman 110 tilsette.
Domstein-konsernet med hovudsete i Måløy, har gjennom dei siste 20 åra vakse seg til eit av Noregs største fiskekonsern. Med eigne selskap og deleigde selskap, hadde gruppa i 2000 ei omsetning på 5,5 milliardar kroner, og 3000 tilsette.
"Ole Sætremyr"
var den første fabrikktrålaren levert til eit fiskeriselskap i Sogn og Fjordane – Brødrene Sætremyr i Måløy. Skipet vart bygd i 1966. Seinare fylgde fabrikkskipet ”Tenor” til same selskap i 1974. Namnet arva dette skipet etter Sætremyr sin sildesnurpar, som fiska godt i dei rike sildeåra på 1950-talet. Sætremyr har landanlegg for m.a. vedlikehald og lager i Skavøypoll.
oppdrettsfirma, vart skipa i 1979 av Harald Kvalheim og Knut Holvik frå Måløy.
vart skipa i 1993 av den japanskfødde
Michiko Steenslid.
Brørne Geir og Jan Otto Hoddevik bygde frå slutten av 1980-talet opp Global Fish til eit av dei største fiskeriselskapa i Noreg, med anlegg frå Egersund til Trøndelag.
Arne Nore frå Bryggja har på 1990-talet bygd opp oppdretts- og fiskeforedlingskonsernet Pan Fish til eit av verdas største fiskeriselskap, med ei omsetning på 4,7 milliardar kroner i 2000.
Fjord-Lab A/S
i Måløy. Grunnlagt 1988. Laboratorium som driv miljø- og vassanalyser for oppdrettsnæringa og næringsmiddelindustrien. Tek også oppdrag for offentleg sektor.
vart skipa i 1994 med Sverre Søraa (f. 1964) som dagleg leiar.
BFG – Best Fishing Gear
– i Deknepollen vart grunnlagt i 1999 av
Bodvar Vetrhus og Gunnar Carlson. Verksemda produserer egnemaskiner til lineflåten.
OK-Fish Kvalheim vart grunnlagt kring 1990 av Jarle Kvalheim. Dreiv fiskeeksport og oppdrettsanlegg i stort omfang – m.a. i Selje og Bremanger.
Snorre Seafood AS
på Raudeberg skipa 1997 – sjå
Gustav Olsen.
fiskeriselskap, vart skipa på Raudeberg i 2001 med Arild Aarvik som dagleg leiar.
Måløy Seafood
Etter vanskar i
Pan Fish, kjøpte ei lokal gruppe i 2002 66 prosent av aksjane i anlegget i Måløy, og driv det under namnet Måløy Seafood AS. Sjå
Global Fish og
Skaar & Co..
Blue Fish Måløy AS
fiskeforedlingsfirma vart skipa i 2005 av Arthur Jensen og Arnt Eide. Verksemda tok over lokala til konkursråka Artic Seafood i Barstadvika ved Raudeberg, men måtte sjølv gje opp i 2006.
Domstein Pelagic
- sjå
Domstein-konsernet.
Domstein Enghav
- sjå
Domstein-konsernet.
Domstein Salmon
- sjå artikkelen "Domstein inn i oppdrett" under
Domstein-konsernet.
Fjord Seafood Norway AS avd. Florø
- sjå artikkelen "Domstein inn i oppdrett" under
Domstein-konsernet.
Cermaq
- sjå artikkelen "Fusjon mellom Fjord Seafood og Cermaq stranda" under
Domstein-konsernet.