Hagens Hotell
i Måløy var det første hotellet i Vågsøy, grunnlagt 1887 av Peder Sunde frå Hagevika. Han kjøpte den gamle lensmannsgarden på Trollebø (sjå
Arnoldus Hess Lem og
Ulf Lem) og flytta huset til Måløy. I 1905 overtok dottera Severine hotellet. Ho gifta seg 1907 med Elias Hagen, og saman bygde dei hotellet mykje ut, dreiv damskipskai m.a. for Fylkesbaatane og fleire kystlinjer, og hadde agentur. Trehotellet brann ned i Måløy-raidet 1941, og nytt hotell i betong stod ferdig 1951.
|
Hagen-kaia. Foto frå gamalt prospektkort |
På andre sida av gata bygde Hagen i 1954 eit stort forretnings-og bustadbygg – ”Annekset”, som m.a. husa apotek og Sogn og Fjordane Fiskesalslag.
Hagen Hotell vart på 1980-talet seld til Håkon og Asbjørn Myrvang, og skifta då namn til Kaptein Linges Hotell. Sidan har hotellet gått inn i Norlandia-kjeden.
Ulvesunds Hotell
på Sæternes vart bygd i 1920 av byggmeister Henrik Old Eide. Ulvesunds Hotell vart reist i fire etasjar med forretningslokale på gateplan. I mellomkrigstida var byggmeister Old Eide også ein varm talsmann for bygging av bru over Måløysundet. Under Måløy-raidet 1941 vart den tyske kommandoen på hotellet storma av allierte kommandosoldatar, og kaptein
Martin Linge fall på hotelltrappa. Hotellet brann ned under raidet, og vart ikkje bygd opp att.
|
Ulvesunds Hotell i Gate 1 bak Skaar & Co |
Johnsens Hotell
i Måløy vart grunnlagt kring 1910 av bakar Anders Johnsen, som kom frå Nord-Vågsøy. Johnsen hadde starta bakeriet sitt i 1898. Johnsens Hotell var nabobygget til rådhuset Heradsheim. Ei tid dreiv svigersonen til Johnsen, ingeniør Per Drage ein privat elektromontør-skule - Måløy Tekniske Aftenskole (sjå denne under
Skular i Vågsøy) i hotellbygget.
Då Anders Johnsen døydde, gifta enka Marie seg opp att med Olav L. Lukasson som dreiv bakeri i hotellkjellaren. Seinare vart kjellaren nytta som kinolokale for Drage sin privatdrivne kino.
Hotellet brann ned i ein storbrann i Måløy sentrum i 1917. Brannen starta i ”gamlefabrikken” til Firda Canning. Olav L. Lukassen tok no over eit bygg litt lengre nord i gata etter etter slaktar O. Henriksen og flytta bakeriet sitt dit. Dette bakeriet vart seinare teke over av Leif Skipenes.
|
Johnsens hotell i 1916. (Foto © Fylkesarkivet) |
Holviks Pensjonat
Holviks Pensjonat i Måløy vart starta i 1918 av Amanda Holvik, då ho og ektemaken Jonas Holvik overtok den såkalla Arbeidarheimen som eigarane av Moldøen Canning Co. hadde bygd som bustad for tilsette. Sonen Jørgen Holvik overtok som pensjonatstyrar på 1950-talet, og bygde også pub som seinare vart leigd ut. Dottera Margret Tennebø overtok eigedomen 1990 og dreiv overnattingsdelen til 1996, då den vart lagt ned og huset selt til Hans Ole Thomsen.