|
I 1978 vart det starta støyperi og valseverk for aluminiumstråd i Årdal. (Foto: NRK) |
Mange opplevde Alcan-samarbeidet som ein klamp om foten. Etter nei-fleirtalet i EF-avrøystinga i 1972, kom nokre år då krav om norsk sjølvråderett over både naturessursar og nøkkelindustri stod på den politiske dagsorden.
Dette vart forsterka ved det som skjedde på oljefelta i Nordsjøen. Kravet om heimkjøp og ny nasjonalisering av ÅSV auka.
Etter forhandlingar leia personleg av statsminister Trygve Bratteli, kjøpte den norske staten tilbake halvparten av ÅSV-aksjane som Staten hadde selt til Alcan i 1967. Staten fekk dermed 75 prosent og full kontroll over ÅSV på nytt.
Heimkjøpet vekte politisk storm. For regjeringa Bratteli og dåverande industriminister
Ingvald Ulveseth (seinare fylkesmann i Sogn og Fjordane) heldt striden på å ende med regjeringskrise:
Det nyskipa Sosialistisk Venstreparti som sat i vippeposisjon, fann ei god sosialistisk markeringssak i Alcan-heimkjøpet. Etter sterkt press frå den tidlegare kommunistleiaren Reidar T. Larsen gjekk fleirtalet i SV-gruppa inn for at Staten skulle overta heile aksjeposten til Alcan. Gruppeleiaren Finn Gustavsen var imot, ikkje minst fordi fagforeiningane i ÅSV hadde støtta "Bratteli-avtalen" om 75 prosent. Statsminister Bratteli stilte kabinettspørsmål. Hadde ikkje SV i siste liten stilt sine representantar fritt og Finn Gustavsen brote ut av SV-gruppa og stemt for avtalen, hadde Bratteli -regjeringa gått av på Alcan-saka.
Etter heimkjøpet stod ÅSV friare til å satse på vidareforedling. Andre sognebygder hadde tidlegare fått sitt: Vik Verk kom i drift 1969. I 1972 hadde den nye
Slugfabrikken i Høyanger erstatta tapte arbeidplassar då oksydverket der vart lagt ned. Høyanger fekk også
Felgfabrikken Fundo i 1973. No var det Årdal sin tur: I 1978 vart det starta eit støyperi og valseverk for aluminiumstråd i Årdal. Planen var at trådvalseverket skulle vekse til ein stor arbeidsplass, men kom berre opp i 22 tilsette, og vart lagt ned i 2001.