|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Årdal: Årdal SparebankÅrdal Sparebank vart skipa i 1907. Fram til 1927 heldt banken til i eit bustadhus på garden Lægreid, der bonden Ole T. Lægreid var kasserar. Heilt fram til 1927 hadde sparebanken på Tangen ope berre eit par timar kvar laurdag. Publisert 05.12.2001 08:37. Oppdatert 12.12.2001 14:18.I 1927 flytta banken frå bustadhuset på Lægreid over i kommunehuset på Tangen, og i 1954 fekk banken lokale i fellesbygg med posten og telefonstasjonen. Bygget vart overteke fullt ut av sparebanken i 1969. Banken fekk ikkje administrerande banksjef før i 1951, då Tomas Hæreid vart tilsett. Fram til då hadde styreformennene fungert som administrerande "direktør".
A/S Tyinfaldene trappa anleggsaktiviteten sterkt ned på 1930-talet. Banken tapte store pengar på gjeldsnedskriving og konkursar. Massearbeidsløyse og dårleg betalingsevne gjorde at Årdal Sparebank kom i likviditetsvanskar i 1935, og fekk 25.000 kroner i lån frå Sparebankenes Sikringsfond for å kome over kneiken. Samstundes fekk banken sterk konkurranse frå dei to samvirkelaga, som begge tok imot pengar frå innskytarar.
Under 2. verdskrig førde den store anleggsaktiviteten til sterk vekst, og sparebanken på Tangen kunne ha over 1 million kroner liggjande i to enkle pengeskap i banklokalet. Det var difor ikkje utan grunn at funksjonærane tok med pengar og verdipapir heim for å vere på den sikre sida! I 1943 tok banken på Tangen til å ha ope kvar dag, og i Øvre vart det bankdag ein gong i veka, mot tidlegare kvar fjortande dag. Først då banken flytta inn i eige bygg i Øvre Årdal i 1953, vart det daglege kontordagar der.
Årdal Sparebank gjekk inn i Indre Sogn Sparebank i 1971.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|