SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Årdal:

Reiselivsverksemder i Årdal

Aardal hotell i 1937. (Foto © Årdal kommune)
Aardal hotell i 1937. (Foto © Årdal kommune)

Publisert 04.12.2001 14:35. Oppdatert 24.05.2006 13:23.

Peder Anderson Rønnei

(1674-1739) var den første som etablerte seg som kremmar og gjestgjevar i det nye gruvesamfunnet kring Årdal koparverk tidleg på 1700-talet. Sonen Vilken Pederson tok over drifta då faren døydde, men måtte gje seg etter kort tid fordi gruvedrifta vart lagt ned.

Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen

Det var folk frå dei store og rike slektene i indre Sogn som dreiv handel på Årdalstangen på 1600- og 1700-talet. Slektsnamn som Nagel, Døsen, Ørbech, Teiste, Svabo og Lem går att.

Dahls Hotell

Dahls Hotell på Årdalstangen vart starta i 1909 av Jakob Dahl i det såkalla "Tangenhuset".

Klingenberg Hotell

Jens Klingenberg d.e. starta gjestgiveri og skysstasjon på Årdalstangen i 1860. Han vart kalla Store-Jens Klingenberg, og var m.a. mykje nytta som kjentmann for dei første fjellturistane.

Vetti gard

i Utladalen har heilt sidan midten av 1800-talet teke imot fjellturistar, og bøndene på garden har i fleire generasjonar vore dyktige fjellførarar.

Aardal Hotell

i Øvre Årdal vart starta ca. 1920. Ein Valdres-mann som heitte Hegge, kjøpte ein del tomteland i Øvre Årdal og bygde hotellet, som vart drive den første tida av dottera, frk. Hegge, under namnet "Hegges Hotell". Hotellet hadde kring 25 senger. Ca. 1940 kjøpte Jørgen Hæreid hotellet. No vert Årdalsstova driven i det gamle hotellbygget av Jan Tore Hauge.

Farnes Hotell

i Øvre Årdal vart starta ca. 1920 av Synnøve Midtun. Hotellet hadde kring 20 senger, og vart drive til ca. 1950 av Synnøve sine døtre Emma og Anna Midtun.

Vee Hotell

vart drive ei kort tid på 1920-talet på garden Ve i Øvre Årdal av Olav Ørbech Vee. Etter å ha seld fallrettar i Tya og store tomteareal til Tyinfaldene, bygde faren Ola eit tre-etasjes hus på garden. Det var i dette huset at Vee Hotell heldt til og kunne huse vel 10 gjester.

Gjesteheimen i Øvre Årdal

- sjå Sitla Hotell.

Sitla Hotell

Gjesteheimen i Øvre Årdal vart starta av Sogn Indremisjon ca. 1962.

NAF Campingplass

på Årdalstangen vart starta på 1960-talet. Campingplassen vart utbygd med fleire hytter. Ragnar Løkken dreiv campingplassen i fleire år før eigarane av Lærdal Ferie og Fritidspark A/S (Sjå denne under Gjestgjevarstader i Lærdal) overtok i 1998 og andra namnet til Årdalstangen Feriepark.

Utladalen Camping

vart skipa i 1981 av Karl Høgmo med fleire. I 2006 overtok Tom Høvik frå Drammen som eigar. Campingsplassen har i 2006 14 hytter og 40 teltplassar.

Årdalstangen Feriepark

skipa 1998 – sjå NAF Campingplass.


Hovedside:
· Industri og næring i Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no