SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kommunehistorikken i Årdal:

Kommunal økonomi og samspel med verket

Ved konsesjonen til A/S Tyinfaldene i 1908, sikra Årdal kommune seg ei kontant utbetaling på 100.000 kroner før arbeidet starta. Kommunen skulle dessutan ta ut ei rikeleg mengde gratis kraft frå dei planlagde kraftanlegga.

Publisert 29.11.2001 09:46. Oppdatert 08.06.2006 14:21.
Skatteinntektene viser kor raskt den gamle jordbrukskommunen vart avhengig av "den nye økonomien" som anleggstida skapte: Midt på 1920-talet svara A/S Tyinfaldene og andre utanbygds selskap for tilsaman 33 prosent av skatteinntektene til Årdal kommune. Anleggsarbeidarane stod for 27 prosent, medan bøndene sto for berre 16 prosent. Under naudsår og nedtrapping av anlegget på 1930-talet, skaut A/S Tyinfaldene og kommunen inn store summar til sysselsetjingarbeid. Dette galdt m.a. vegane Årdal-Tyin, starta på vegen mellom Tangen og Øvre, vegar og bru i Øvre Årdal og veg til Øvre Ofredal. Kommunen ytte tilskot til jorddyrking og til bønder som ville hyre arbeidslause som drengar.
Bygging av blokker i Øvstetun i Øvre Årdal. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.

Samspel kommune og verk

Den økonomiske støtten frå industrien til kommunale tiltak vart forsterka etter 2. verdskrig: Etter vedtaket 8. juli 1946 om å byggje Årdal Verk (sjå "Historia i Årdal"), måtte det byggjast eit komplett "bysamfunn" for fleire tusen menneske så å seie "over natta". Frå første stund samarbeidde kommune og verk om reguleringsplanar og bustadbyggjing, og den kommunale kontorsjefen Knut Kramviken sto sentralt i dette arbeidet. Tilflytta arbeidarar budde den første tida i tyskarbrakker. Både verket og kommunen bygde eit stort tal bustader dei første åra. Frå 1949 tok Årdal Boligbyggelag seg av ein stor del av bustadbyggjinga. ÅBBL var det første bustadbyggjelaget i fylket, skipa 1949.

Verket ytte tilskot til m.a. vegbyggjing, skular, forsamlingshus og idrettsanlegg. Det var ein sterk pådrivar i arbeidet med å skaffe industribygda betre samband med omverda med båtruter og vegar. Trongen for transport til Årdal Verk var eit sentralt argument då Indre Sogn kom med på småflynettet med Sogndal Lufthamn, Haukåsen i 1974.

Førre side:
· Politisk utvikling i Årdal
Hovedside:
· Kommunehistoria i Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no