|
Natuvernarane fekk ikkje hindra kraftutbyggjinga, men var medverkande til at utbyggjinga vart meir skånsam enn først planlagt. (Foto: NRK) |
I 1969 gav Stortinget klarsignal til den enorme utbygginga i Aurland, som skulle vare langt inn på 1980-talet. Aurland kommunestyre og fylkestinget hadde tilrådd, og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane tala varmt for utbyggjing.
Men etter kvart viste det seg at Oslo Lysverker hadde teke konsesjon så sjølvsagt at dei hadde tjuvstarta med anleggsarbeidet før alt var formelt i orden. Bygdefolk og kommune visste om dette, men det var først når Stortinget gav konsesjon at dei klassiske naturvernarane vakna til live i protest.
Striden om Aurlandsdalen frå 1969 og utover var den første store nasjonale konfrontasjonen mellom naturvernarar og utbygginginsteresser. På den eine sida sto naturvernarar - i hovudsak byfolk. På den andre sto bygdefolk og kommune alliert med kraftutbyggjarane og eit fleirtal på Stortinget.
I striden om Aurlandsdalen vart det for første gong i Noreg tala om "sivil ulydnad" mot stortingsvedtak. Dei mest militante aksjonistane ville lage "lenkegjeng" framfor anleggsmaskinene. Det vart det ikkje noko av i Aurland, men kom for fullt i Mardøla-aksjonane i Romsdal i 1971. Der deltok m.a. seinare justisminister Odd Einar Dørum, og filosofiprofessorane Arne Næss og Sigmund Kvaløy i sit-ned-aksjonar framfor gravemaskinene, og vart fjerna av politiet.
Striden om Aurlandsdalen hamna i dei mest sentrale fjernsynsprogramma i NRK, og fekk førstesideoppslag i riksavisene. Aurlendingane var på si side harme fordi "byfolket" blanda seg inn i det som hende i deira eigen kommune.
Aksjonistane i Aurland fekk ikkje hindra utbygginga, men fekk gjort store endringar m.a. med vassføring og kraftlinebygging slik at Aurlands-reguleringa vart langt meir skånsam enn først planlagd.
|
I 1984 såg det slik ut etter utbyggjinga ved Vetlebotnvatn. (Foto: NRK) |